KI-detektorar tek feil – dette kan du sjå etter i staden
Kan ein KI-detektor eller AI-sjekkar avsløre om ein tekst er skriven av KI? Kvifor svaret er usikkert, og kva trekk i teksten du kan vurdere i staden.
Det korte svaret
Ein KI-detektor kan ikkje avgjere sikkert om ein tekst er skriven av KI. Detektorane tek feil i begge retningar: Dei kan merke tekst som folk har skrive sjølv, og dei slepp gjennom KI-tekst som er redigert. Sjå heller på konkrete trekk i teksten, og bruk dei til å gjere han betre, ikkje som bevis.
Kva ein KI-detektor prøver å gjere
Ein KI-detektor, eller AI-sjekkar, tek imot ein tekst og svarar med eit tal: Kor sannsynleg det er at teksten er skriven av ein språkmodell. Bak talet ligg som regel ein modell som har lært skilnaden på eksempeltekstar skrivne av menneske og av KI.
Problemet er at skilnaden ikkje er fast. Språkmodellar skriv ulikt etter kva dei blir bedne om, folk skriv ulikt etter situasjon, og ein tekst kan vere skriven av begge. Ein detektor må difor gjette ut frå statistiske trekk, og trekka finst i begge typar tekst.
Kvifor detektorane tek feil
Dei merkjer tekst skriven av folk. Detektorane reagerer på ordval som er venta og setningar som liknar kvarandre. Det er òg typisk for formell sakprosa, rapportar og tekst skriven etter ein mal. Ein studie i tidsskriftet Patterns fann at fleire detektorar systematisk merkte tekstar skrivne av folk med engelsk som andrespråk som KI-tekst, medan tekstar frå morsmålsbrukarar stort sett vart rett vurderte. Forskarane åtvarar mot å bruke slike verktøy i vurdering og undervisning.
Dei slepp gjennom redigert KI-tekst. Det skal lite til for å endre dei trekka detektoren ser etter. Byter du ut nokre ord, skriv om nokre setningar eller ber modellen skrive i ein annan stil, kan talet endre seg mykje.
Selskapa bak språkmodellane har sjølve gitt opp. OpenAI lanserte i januar 2023 eit verktøy for å kjenne att KI-tekst. Ifølgje OpenAI fann verktøyet 26 prosent av KI-tekstane i testen deira, og merkte 9 prosent av tekstane frå menneske feil. I juli 2023 vart det lagt ned fordi treffsikkerheita var for låg.
Norsk gjer det ikkje lettare. Mange detektorar er laga og testa mest på engelsk. Når dei blir brukte på norsk, og særleg på nynorsk, er det endå mindre grunnlag for å stole på talet.
Kva skjer når ein detektor blir brukt som bevis?
Eksamensperiodane er tida då flest søkjer etter KI-detektorar. Det er forståeleg, men det er også der feilvurderingar gjer mest skade. Ein student som blir skulda for fusk på grunnlag av eit tal frå eit verktøy, har lite å forsvare seg med.
Fleire norske utdanningsinstitusjonar har difor teke stilling. Universitetet i Oslo skriv at verktøy som skal anslå om ein tekst er generert av KI, ikkje kan brukast til å sjekke eksamenssvar. Ved mistanke må sensor i staden grunngi kva i teksten som vekkjer mistanken.
Det same gjeld på arbeidsplassen. Eit tal frå ein detektor er ikkje eit godt grunnlag for å konkludere om ein kollega, ein søkjar eller ein leverandør.
Dette kan du sjå etter i staden
Spørsmålet «kven skreiv dette?» er vanskeleg å svare på. Spørsmålet «kva i teksten får han til å lese som maskinskriven?» er lettare, og svaret kan du gjere noko med. Desse trekka er vanlege i tekst frå språkmodellar, men finst òg i mykje tekst skriven av folk:
- Faste fraser som seier lite: «i ein stadig meir digital kvardag», «spelar ei viktig rolle», «det er verdt å merke seg».
- Hypeord som «sømlaus», «skreddarsydd», «banebrytande» og «revolusjonerande».
- Tregrupper, tre eigenskapar på rad: «raske, trygge og enkle». Éi går fint. Mange etter kvarandre blir eit mønster.
- Faste konstruksjonar som «alt frå … til …», «ikkje berre … men også» og «anten du er … eller …».
- Jamn rytme, der nesten alle setningane er like lange.
- Like opningar, der fleire setningar på rad startar med same ord.
- Lang tankestrek (—). På norsk brukar vi kort tankestrek (–).
- Innhald utan konkrete detaljar: Generelle påstandar utan tal, namn, døme eller kjelder.
Ingen av trekka beviser noko åleine. Men samla seier dei noko om korleis teksten verkar på lesaren. Ein tekst full av faste fraser og hypeord blir oppfatta som tom, same kven som skreiv han.
Slik gjer du teksten mindre maskinaktig
- Start med saka. Stryk innleiinga som berre seier at temaet er viktig.
- Byt ut hypeord med noko konkret. «Ei sømlaus løysing» seier mindre enn «du loggar inn éin gong».
- Ta med eit døme, eit tal eller ei kjelde. Det er det ein generell tekst manglar.
- Varier setningslengda. Ei kort setning etter ei lang gir pust.
- Sei det du meiner. Fjern atterhald som «på mange måtar» og «i stor grad» der dei ikkje trengst.
- Les teksten høgt. Det du aldri ville sagt sjølv, kan du som regel stryke eller seie enklare.
Råda er dei same som i klarspråk. Sjå sjekklista for klarspråk i vedtak og brev for fleire.
Når KI er ein del av skriveprosessen
Mange brukar KI til å lage eit første utkast, til å stramme opp eit avsnitt eller til å omsette. Det er ikkje feil i seg sjølv. Det som tel, er at innhaldet stemmer, at teksten passar for lesaren, og at du følgjer reglane som gjeld der du skriv. Skal teksten publiserast i namnet til ei verksemd, bør han også høyrast ut som verksemda. Les meir om norske språkmodellar og nynorsk.
Ta dette med deg
- Ingen detektor kan avgjere sikkert om ein tekst er skriven av KI. Bruk aldri resultatet som bevis mot nokon.
- Faste fraser, hypeord, tregrupper og jamn rytme er trekk du kan sjå og gjere noko med.
- Spør om teksten er god for lesaren, ikkje berre om kven som skreiv han.
Spørsmål og svar
Finst det ein KI-detektor for norsk?
Det finst verktøy som seier at dei støttar norsk, men dei har same grunnproblem som dei engelske: Ein tekst ber ikkje eit sikkert merke etter kven eller kva som skreiv han. Eit verktøy som viser konkrete trekk i teksten, er lettare å vurdere enn eit som berre gir ein prosent.
Kvifor seier detektoren at min eigen tekst er skriven av KI?
Fordi detektorane ser etter trekk som òg finst i tekst skriven av folk, som føreseielege ordval, faste fraser og jamne setningar. Formell sakprosa og tekst skriven av folk som har norsk som andrespråk, kan difor bli feilmerkt.
Kan lærarar bruke KI-detektor ved mistanke om fusk?
Mange utdanningsinstitusjonar rår frå det. Universitetet i Oslo skriv til dømes at slike verktøy ikkje kan brukast til å sjekke eksamenssvar. Ein samtale om teksten og arbeidsprosessen seier som regel meir.
Er det feil å bruke KI når eg skriv?
Ikkje i seg sjølv. Det avgjerande er reglane som gjeld der du skriv, til dømes på skulen eller i jobben, og at teksten er rett og passar for lesaren.
Kjelder og vidare lesing
- OpenAI: New AI classifier for indicating AI-written text (med melding om at verktøyet vart lagt ned 20. juli 2023)
- Liang mfl. (2023): GPT detectors are biased against non-native English writers, Patterns
- Universitetet i Oslo: Generell informasjon om generativ KI og eksamen
- Nynodata: Tekstanalyse og KI-preg
Døma i artikkelen er laga for å vise arbeidsmåten. Dei er ikkje resultat frå ein samanliknande produkttest.