Nyno på nett
Logg inn på app.nynodata.no og lim inn teksten. Her finn du òg Kontroller og stilmalane til verksemda.
Omset i Nyno
Omset gjer ein bokmålstekst om til nynorsk. Omsettinga følgjer stilmalen til verksemda, og du ser kva som er endra.
Mange søkjer etter ein «nynorsk oversetter». Omset er omsettaren i Nyno, og du finn han der du skriv. Det kan vere på nett, i Chrome, i Office eller i publiseringsverktøyet.
Omset er laga for verksemder som skriv på begge målformer. Det kan vere kommunar, fylke, skular og bedrifter som skal ha nynorsk på nettsida, i brev og på sosiale medium.
Lim inn eller marker ein tekst på bokmål. Omset gir deg teksten tilbake på nynorsk, klar til å lesast gjennom.
Nynorsk har mange valfrie former. Med ein nynorsk stilmal følgjer omsettinga grunnstilen de har valt. Kontroller etterpå med same stilmal, så ser du former som ikkje følgjer husnorma.
I Chrome og i appen for Windows og Mac ser du originalen og nynorskteksten side om side, med orda som er endra, merkte.
Nyno endrar ikkje noko i dokumentet ditt før du vel det. Du kopierer teksten eller set han inn der du skriv.
Teksten under er køyrd gjennom Omset i Nyno for Chrome. Det grøne er ord Omset endra. Resten står som i originalen, fordi det er likt på bokmål og nynorsk.
Det nye svømmeanlegget i Lauvdal åpner 18. august. Anlegget har et 25-metersbasseng og et eget basseng for opplæring. Skolene får faste tider på dagtid, mens publikum kan bade på kveldstid og i helgene. Billetter kjøper du i appen eller i resepsjonen.
Det nye symjeanlegget i Lauvdal opnar 18. august. Anlegget har eit 25-metersbasseng og eit eige basseng for opplæring. Skolane får faste tider på dagtid, medan publikum kan bade på kveldstid og i helgane. Billettar kjøper du i appen eller i resepsjonen.
Både «skolane» og «skulane» er rett nynorsk. Kva form de vil ha, avgjer stilmalen dykkar. Kontroller merkjer former som ikkje følgjer han, med forslag til retting. Kommunen i dømet er oppdikta.
Omset gir eit godt utkast. Men ingen maskin forstår saka like godt som deg. Namn, fagord og tonen i teksten er det som oftast må rettast.
Slik får du ein god nynorsktekst:
Omsettinga er den same overalt, og stilmalane til verksemda følgjer med. Vel det som passar der du skriv.
Logg inn på app.nynodata.no og lim inn teksten. Her finn du òg Kontroller og stilmalane til verksemda.
Marker tekst på ei nettside eller i publiseringsverktøyet, høgreklikk og vel «Omset til nynorsk».
Omset i Word, PowerPoint, Outlook og Excel, i dokumentet du alt har ope.
Gjer omsettinga til eit steg i publiseringa, eller kople Nyno til eigne system.
Lim inn tekst eller dra inn eit Word-dokument, ein PDF eller ei tekstfil. Kopiert tekst kan du omsette med ein hurtigtast.
Med Nyno MCP kan ChatGPT, Claude eller Microsoft 365 Copilot bruke Nyno når du ber om nynorsk.
Omset går éin veg, frå bokmål til nynorsk. Det er der dei fleste verksemder treng hjelp, fordi mange skriv bokmål til dagleg og skal publisere på nynorsk.
Skal ein tekst frå nynorsk til bokmål, kan språkfolka våre omsette han. Skriv du bokmål sjølv, sjekkar Kontroller rettskriving og målform på bokmål òg.
Nyno translates Norwegian Bokmål into Nynorsk. Paste a Bokmål text and get it back in Nynorsk, in the style your organisation has chosen. Nyno is made for Norwegian organisations that publish in both written standards.
Nyno does not translate from English or other languages. The app is in Norwegian. Contact us if you have questions.
Les òg om stilmalane, eller spør oss.
Nei. Omset går frå bokmål til nynorsk. Treng du ein tekst frå nynorsk til bokmål, kan språkfolka våre omsette han for deg. Kontroller i Nyno sjekkar rettskriving og målform på bokmål òg.
Omset gir eit godt utkast, men ikkje ein ferdig tekst. Les alltid gjennom, særleg namn, fagord, tal og tonen i teksten. Til viktige tekstar kan du få hjelp av språkfolka våre.
Med ein nynorsk stilmal følgjer omsettinga grunnstilen i stilmalen. Kontroller med same stilmal etterpå. Då blir ord og former som ikkje følgjer husnorma, merkte med forslag.
Ja. I Office omset du i dokumentet du har ope. I appen for Windows og Mac kan du dra inn eit Word-dokument, ein PDF eller ei tekstfil. Lange tekstar kan du òg dele opp og omsette bit for bit.
Nei. Teksten blir send kryptert til Nyno og omsett, men ikkje lagra. Nyno tel berre bruken, til dømes kor mange teikn som er omsette.
Du kan opprette ein gratis konto og prøve Nyno. Kva som er med i dei ulike planane, og prisar for verksemder, får du vite hos oss.
Omset byter målform. Språkvask gjer teksten klarare og rettar språket, og kan gjerast av eit menneske. Mange brukar Omset til utkastet og Kontroller eller språkvask før dei publiserer.
Opprett ein gratis konto i Nyno på nett, eller legg til Nyno i Chrome og omset der du skriv.