Ei løysing som passar verksemda
Fortel oss kva de skriv, kvar de arbeider, og kor mange som skal bruke verktøya. Vi hjelper dykk med å avklare produkt, lisensomfang og oppsett, og gir eit tilbod med pris og vilkår.
Kontakt oss om pris og lisensar, eller skriv til salg@nynodata.no.
Bedrifter og offentleg sektor
De kan bestille direkte frå Nynodata. Vi avklarer om de treng tilgang for utvalde brukarar eller ei løysing for fleire avdelingar eller heile verksemda.
Tilbodet skal beskrive kva som er inkludert, talet på brukarar, avtaleperiode, eventuell fornying, hjelp og oppsett. Ved integrasjon med CMS eller andre system avklarer vi også tekniske føresetnader og ansvarsdeling.
For offentlege kundar kan avtalegrunnlag og eventuelle særvilkår avklarast som del av innkjøpsprosessen.
Vel arbeidsflata di
- Nyno for Chrome – omsetting i nettlesaren.
- Nyno 4 for Office – omsetting i dokument og e-post.
- Nyno for CMS – omsetting i publiseringsløysinga.
- Norsøk – søk på tvers av bokmål og nynorsk.
- Nyno – eldre versjonar – informasjon for deg som bruker den eksisterande programvara.
Har du spørsmål om Ordrik eller andre produkt, ta kontakt med oss.
Nettbutikk og privatkjøp
Nettbutikken er for tida ikkje aktiv. Kontakt Nynodata for å avklare kva produkt og kjøpsløysingar som er tilgjengelege for deg. Pris og gjeldande kjøpsvilkår skal vere avklarte før du bestiller.
Ved nettkjøp har privatkundar som hovudregel 14 dagars angrerett etter angrerettlova. Installasjon eller aktivering åleine gjer ikkje at angreretten fell bort.
For betalt digitalt innhald som ikkje blir levert på eit fysisk medium, kan angreretten falle bort når leveringa har byrja, dersom du på førehand uttrykkjeleg har samtykt til oppstart før angrefristen går ut, har erkjent at angreretten dermed går tapt, og har fått lovpålagd avtalestadfesting. For digitale tenester gjeld eigne reglar.
Opplysningar om angrerett og eventuelle unntak skal følgje kjøpsvilkåra før bestilling. Les angrerettlova.
Har du allereie ein lisens?
Du finn rettleiingar i hjelpesenteret. Treng du hjelp med tilgang, installasjon eller programbruk, kan du skrive til support@nynodata.no.