Nyno Tale

Tale til tekst på norsk – transkribering på eiga maskin

Nyno Tale gjer møte, intervju og lydfiler om til tekst. Talegjenkjenninga køyrer på PC-en eller Mac-en din, så lyden forlèt aldri maskina.

Du vel om teksten skal bli nynorsk eller bokmål. Med ein hurtigtast kan du òg diktere rett inn i det programmet du skriv i.

Appen er signert, og Mac-versjonen er kontrollert av Apple (notarisert). Nye versjonar kjem automatisk.

Nyno Tale i appen. Ein knapp for opptak, eit felt for å dra inn lyd eller video, val mellom bokmål og nynorsk og merket «Lyden forlèt aldri maskina». Ei utskrift med tittelen «Møte om symjeanlegget» på 21 minutt. Seks avsnitt på nynorsk med tidskoder frå 0:00 til 1:58, og knappane Kopier, Lagre .txt, Lagre Word og Kontroller teksten.
Nyno Tale i Nyno for Windows og Mac. Ta opp eller dra inn ei fil, og få teksten med tidskoder. Møtet og teksten er døme.

Slik transkriberer du eit lydopptak

Transkribering av lydopptak tek tre steg. Du treng ikkje laste opp noko, og du treng ingen konto.

  1. Ta opp eller dra inn ei fil

    Trykk på mikrofonen for å ta opp, eller dra inn ei lyd- eller videofil. MP3, M4A, WAV, MP4 og andre vanlege format går fint, opptil fire timar.

  2. Vel nynorsk eller bokmål

    Talegjenkjenninga skriv det som blir sagt, på den målforma du vel. Du ser framdrifta medan maskina arbeider.

  3. Les gjennom og bruk teksten

    Utskrifta kjem i avsnitt med tidskoder. Rett direkte i teksten, lagre som Word eller tekstfil, eller send han vidare til Kontroller, Omset eller referat.

Nyno Tale gjer tale om til tekst. Det motsette, tekst til tale der ei maskin les opp teksten, gjer ikkje appen.

Frå lydfil til tekst du kan bruke

Utskrifta kjem i korte avsnitt med tidskoder, så du finn att staden i opptaket. Du kan skrive rett i teksten og rette ord som er feilhøyrde.

  • Lagre som Word eller som tekstfil, med tidskodene.
  • Kontroller teksten for rettskriving, målform og stilmal.
  • Omset ei bokmålsutskrift til nynorsk.
  • Lag referat med ein språkmodell som køyrer på maskina.
Les om møtereferat med KI
Referat i Nyno for Windows og Mac. Malen Møtereferat er vald, og under står eit utkast på nynorsk med tittel, dato, samandrag, vedtak, oppgåver og opne spørsmål, merkt «Laga på maskina».
Frå same utskrift: Eit utkast til møtereferat, laga av ein språkmodell på maskina. Møtet og teksten er døme.

Lyden blir på maskina

Opptak av møte, intervju og samtalar kan innehalde opplysningar som ikkje skal ut av huset. Difor vil mange verksemder, mellom anna universitet og kommunar, transkribere utan å sende lyd til ei skyteneste.

I Nyno Tale skjer transkriberinga på maskina di. Talemodellen blir lasta ned éin gong, og etterpå går ingenting ut. Lyden blir ikkje lagra, og utskrifta ligg berre i appen til du lagrar ho sjølv.

Sjå kva som blir på maskina, og kva som går til Nyno
  • Ingen opplasting

    Lyden blir gjort om til tekst på PC-en eller Mac-en. Han blir verken lagra eller send nokon stad.

  • Kontrollerte talemodellar

    Modellen blir lasta ned når du ber om det, og sjekka mot ein kjend kontrollsum før han blir teken i bruk.

  • Verkar utan nett

    Når talemodellen er lasta ned, kan du transkribere utan internett.

Diktering i alle program

Med diktering snakkar du inn teksten i staden for å skrive han. Trykk hurtigtasten, snakk, og trykk ein gong til. Teksten blir sett inn der markøren står, i e-posten, i Word eller i fagsystemet.

  • Ctrl + Shift + RDiktering. Trykk for å starte og trykk igjen for å stoppe. På Mac brukar du Cmd i staden for Ctrl.
  • Ctrl + Shift + EDiktér og vask. Det same, men teksten blir rydda før han blir sett inn.

«Diktér og vask» tek bort fyllord, gjentakingar og falske startar og rettar teiknsettinga. Det skjer på maskina. Er du logga inn, går den rydda teksten til slutt gjennom språkvasken i Nyno. Han brukar berre dei trygge rettingane for rettskriving, målform og stilmal. Lyden blir aldri send.

På Mac må appen få løyve under Tilgjengelegheit for å setje inn teksten. Utan løyvet ligg teksten klar på utklippstavla, så du limer han inn sjølv.

Mange dikteringsverktøy har avgrensa støtte for nynorsk. Nyno Tale skriv nynorsk direkte. Du kan òg snakke bokmål og få teksten på nynorsk.

Loggen over diktat i Nyno Tale. To diktat med tid og lengd, det eine merkt «Vaska». Kvart diktat har knappane Kopier, Kontroller, Omset og Slett.
Loggen over diktat. Han ligg berre på maskina, og du kan slå han av. Teksten er døme.

Talemodellar som passar maskina

Nyno Tale brukar norsk talegjenkjenning som køyrer på maskina. Det finst fire storleikar. Ein større modell høyrer betre, men treng meir minne og tid.

Appen måler maskina og tilrår ein modell. Diktering brukar ein av dei to minste, så teksten kjem raskt.

Talemodellane i Nyno Tale
ModellNedlastingTilrådd for
Rask55 MBAlle maskiner
Nøyaktig175 MBFrå 8 GB minne
Meir nøyaktig540 MBGrafikkort med 5 GB, eller Mac med Apple-brikke og 16 GB
Mest nøyaktig1,1 GBGrafikkort med 10 GB, eller Mac med Apple-brikke og 32 GB

Spørsmål og svar om transkribering

Les òg om heile appen, eller spør oss.

Er Nyno Tale tale til tekst eller tekst til tale?

Tale til tekst. Nyno Tale skriv ut det som blir sagt i eit opptak eller ei lydfil. Appen les ikkje tekst høgt.

Treng eg ein Nyno-konto for å transkribere?

Nei. Nyno Tale og dikteringa verkar utan konto. Kontoen trengst for Kontroller, Omset og språkvasken i «Diktér og vask», fordi det er dei einaste delane som sender tekst til Nyno.

Blir lyden send nokon stad?

Nei. Talegjenkjenninga køyrer på maskina di, og lyden blir verken lagra eller send ut. Utskrifta ligg i appen til du lagrar ho sjølv eller lukkar appen.

Verkar transkriberinga utan internett?

Ja, når talemodellen er lasta ned. Modellen blir lasta ned éin gong og kontrollert før han blir teken i bruk. Etterpå skjer alt på maskina.

Kan eg snakke dialekt?

Ja. Talemodellane er trena på norsk tale og skriv det du seier som nynorsk eller bokmål, same kva dialekt du har. Les likevel gjennom. Namn og fagord blir oftare feilhøyrde enn vanlege ord.

Skil Nyno Tale mellom dei som snakkar?

Nei. Utskrifta har tidskoder, men merkjer ikkje kven som snakkar. I referatet tek språkmodellen berre med deltakarar når namna blir sagde i møtet.

Kor lang tid tek det å transkribere eit opptak?

Det kjem an på maskina og kor stor talemodell du brukar. Ein større modell høyrer betre, men brukar meir tid. Appen tilrår ein modell ut frå minnet og grafikkortet i maskina.

Kva kostar Nyno Tale?

Nyno Tale er ein del av Nyno for Windows og Mac, som du kan laste ned her. Skal verksemda ta appen i bruk, kan du snakke med oss om avtale.

Transkriber det neste møtet på maskina di

Last ned Nyno for Windows og Mac. Skal verksemda ta appen i bruk, hjelper vi dykk gjerne i gang.

Les personvernerklæringa