Klarspråk for kommunar og offentleg sektor
Vedtak, brev og nettsider skal vere lette å forstå. Nyno viser kvar tekstane blir tunge, gir eit tal de kan følgje, og held fagorda og formvala like i heile verksemda.
For kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder, på nynorsk og bokmål.
Kva språklova krev
«Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.»
Kravet gjeld kommunar, fylkeskommunar og statlege organ, og alle tekstar dei skriv til innbyggjarar og næringsliv. Lova har gjeldt sidan 1. januar 2022.
Den same lova har reglane om bruken av nynorsk og bokmål i det offentlege. Les meir i fagartikkelen om språklova og nynorsk.
Kva det betyr i det daglege
Klarspråk handlar om at mottakaren skal finne fram, forstå og kunne gjere det teksten ber om. For ein saksbehandlar betyr det kvar dag nye val i vedtak og brev.
Sjekklista for klarspråk i vedtak og brev har konkrete grep og døme.
Vedtak
Mottakaren skal skjøne kva som er bestemt, kvifor, og kva han kan gjere. Svaret bør stå først, og klageretten bør stå med vanlege ord.
Brev og svar på e-post
Skriv til «du», sei kven «vi» er, og bruk verb i staden for lange substantiv. Det same ordet bør bety det same i alle breva frå verksemda.
Nettsider
Folk les på skjerm og leitar etter det dei treng. Korte avsnitt, gode overskrifter og ord dei sjølve brukar, gjer det lettare å finne fram.
Malar og standardtekstar
Ein tung setning i ein mal blir send ut mange gonger. Å skrive om malane er ofte det som gir mest att for arbeidet.
Slik passar Nyno inn
Nyno tek det som kan teljast og passast på, så de får meir tid til det berre de kan vurdere: Oppbygginga og kven de skriv til.
Klarspråk i Kontroller
Nyno merkjer tunge setningar, tunge ord og vendingar, substantivsjuke, passiv utan aktør og svært lange ord. Teksten får eit tal frå 0 til 100, og saksbehandlaren avgjer sjølv kva som skal rettast.
Eitt ord for kvart omgrep
I stilmalen legg de inn terminologireglar for dei orda verksemda vil bruke, og formval for skrivemåte og bøying. Nyno seier frå når ein tekst bryt med dei.
Dykkar eigne skrivereglar
Stilmalen kan òg ha skrivereglar, til dømes at verksemda skriv «vi» om seg sjølv og brukar aktiv form. Kontroller merkjer det som bryt med reglane.
Klarspråk og nynorsk i same verktøy
Begge pliktene kjem frå språklova. Kontroller sjekkar målforma, og Nyno omset frå bokmål til nynorsk med stilmalen dykkar.
Eit tal de kan følgje over tid
Same tekst får same tal kvar gong. Mål dei faste malane no, skriv dei om, og mål på nytt. Då ser de kva arbeidet har gitt.
Personvern
Teksten blir send kryptert til Nyno medan han blir kontrollert, og Nyno lagrar han ikkje. Kva Nyno registrerer om kvar kontroll, står i personvernerklæringa.
Det Nyno ikkje gjer
Nyno skriv ikkje om teksten av seg sjølv, og talet er ikkje eit bevis på at de oppfyller lova. Nyno viser kvar teksten kan bli klarare, og de avgjer kva som skal endrast.
Spørsmål frå kommunar og statlege verksemder
Les òg korleis klarspråk i Nyno fungerer, eller spør oss.
Gjeld kravet om klarspråk kommunane?
Ja. Språklova § 9 gjeld offentlege organ, og det omfattar kommunar, fylkeskommunar og statlege organ. Kravet er at dei skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.
Kan Nyno seie om vi oppfyller språklova?
Nei. Talet viser kor tung teksten er å lese etter trekk som kan teljast. Om teksten passar for målgruppa, og om han er godt bygd, må de vurdere sjølve, gjerne saman med nokre lesarar.
Fungerer det på nynorsk?
Ja. Klarspråk har eigne ordlister for nynorsk og bokmål, og talet blir samanlikna med nettsider på same målform.
Kan vi bruke fagorda og husnorma vår?
Ja. Stilmalen held terminologien, formvala og skrivereglane til verksemda. Han gjeld i Kontroller, i Nyno for Chrome og når Nyno omset til nynorsk.
Kva med personopplysningar i vedtak?
Teksten blir send kryptert til Nyno medan han blir kontrollert, og blir ikkje lagra. Les personvernerklæringa før de tek Nyno i bruk på saker med personopplysningar.
Kva kostar det for ein kommune?
De kan opprette ein gratis konto og prøve Kontroller. Kva som er med i dei ulike planane, og prisar for verksemder, får de vite hos oss.
Vil de prøve Nyno i verksemda?
Fortel oss kva tekstar de skriv mest av, så viser vi korleis Nyno kan brukast på dei. De kan òg opprette ein gratis konto og prøve sjølve.