Universell utforming i Nyno Nettstad

Sjekk universell utforming på nettstaden

Nyno les sidene på nettstaden og tel det som kan lesast i HTML-koden. Du ser kva som bryt med WCAG, på kva sider, og korleis du rettar det.

Universell utforming er ein del av Nettstad, ei tilleggsteneste i Nyno. Vi slår ho på for verksemda etter avtale, så ho er ikkje med i den gratis kontoen. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Universell utforming i Nyno. Ei melding om at dette er det Nyno kan telje i HTML-koden og ikkje ein WCAG-revisjon, fire tal for sider med feil, feil, sjå over og sider sjekka, og ei liste med funn som «Bilete utan alt-tekst» med WCAG-kriterium.
Universell utforming i Nyno, med appen på bokmål. Nettstaden og tala er oppdikta.

Dette tel Nyno på kvar side

Nyno har 18 sjekkar. Kvar sjekk høyrer til eit suksesskriterium i WCAG 2.1. «Feil» bryt eit krav. «Sjå over» er truleg eit problem, men du avgjer sjølv.

  • Bilete

    Eit bilete som berre er pynt, skal ha alt="". Det tel som rett.

    • Bilete utan alt-tekstFeilWCAG 1.1.1
    • Alt-tekst som er eit filnamn, eitt ord som «bilde» eller «logo», eller svært langSjå overWCAG 1.1.1
    • Lenkje som berre er eit bilete utan alt-tekstFeilWCAG 2.4.4 og 4.1.2
  • Overskrifter

    Dei som navigerer etter overskrifter, treng ein tydeleg struktur.

    • Sida har inga hovudoverskrift (h1)Sjå overWCAG 1.3.1
    • Fleire hovudoverskrifter (h1)Sjå overWCAG 1.3.1
    • Overskriftsnivå som blir hoppa over, til dømes h4 rett etter h2Sjå overWCAG 1.3.1
    • Tom overskriftFeilWCAG 1.3.1 og 2.4.6
  • Lenkjer

    Ei lenkje skal seie kvar ho går, også når ho blir lesen åleine.

    • Lenkjetekst som «Les meir», «klikk her» eller ei rein adresseSjå overWCAG 2.4.4
    • Lenkje utan tekst, ofte eit ikonFeilWCAG 2.4.4 og 4.1.2
    • Same lenkjetekst til ulike staderSjå overWCAG 2.4.4
  • Språk og sidetittel

    Skjermlesaren les med rett uttale berre når språket er oppgitt.

    • Språket på sida er ikkje oppgittFeilWCAG 3.1.1
    • Språket i koden stemmer ikkje med teksten, til dømes lang="nb" på ei nynorsksideFeilWCAG 3.1.1
    • Sida manglar tittelFeilWCAG 2.4.2
    • Same tittel som andre siderSjå overWCAG 2.4.2
  • Skjema, knappar og innebygd innhald

    Kvart felt og kvar knapp treng eit namn som kan lesast opp.

    • Skjemafelt utan namnFeilWCAG 1.3.1 og 4.1.2
    • Skjemafelt med berre plasshaldartekstSjå overWCAG 1.3.1 og 3.3.2
    • Knapp utan namnFeilWCAG 4.1.2
    • Innebygd innhald (iframe) utan tittelFeilWCAG 4.1.2

Slik ser du resultatet

Nyno samlar funna for heile nettstaden eller éin del av han, og for kvar side.

  1. Nyno les nettstaden

    Nyno følgjer robots.txt og sitemap.xml, elles lenkjene på nettstaden. Universell utforming blir talt medan sidene blir lesne, utan ekstra førespurnader.

  2. Du ser kvar feilen er

    Kvar sjekk viser WCAG-kriteriet, kor mange stader og sider det gjeld, og døme med område og næraste overskrift. Det same elementet på mange sider, til dømes i menyen, blir vist som eitt døme.

  3. Du får eit råd på nynorsk

    Kvar sjekk har eit kort råd om korleis feilen blir retta. Sidelista kan sorterast med flest feil først.

Sider som blir teikna med JavaScript, viser lite i HTML-koden. Dei blir ikkje talde med i summane, og Nyno seier frå om kor mange det gjeld.

Ein automatisk sjekk finn ikkje alt

Nyno tel det som kan lesast sikkert i HTML-koden. Det er ei hjelp til å finne feil, ikkje ein WCAG-revisjon og ikkje ei stadfesting av at nettstaden følgjer krava.

Automatiske sjekkar finn berre ein del av problema. Ein person må framleis teste nettstaden med tastatur og skjermlesar.

  • FargekontrastKontrasten krev at sida blir vist i ein nettlesar, med farge på tekst, bakgrunn og bilete.
  • Tastatur og fokusOm alt kan brukast med tastaturet, og om fokus flyttar seg i rett rekkjefølgje.
  • Om alt-teksten seier nokNyno ser om alt-teksten finst og om han ser ut som eit filnamn. Om han seier det biletet viser, må ein person avgjere.
  • Om innhaldet er lett å forståTal for lesbarheit hjelper, men berre ein lesar kan seie om teksten svarar på det han leitar etter.

Nyno les teksten òg

Ein nettstad er ikkje lett å bruke om teksten er tung. Nettstad i Nyno les difor òg teksten på kvar side, på nynorsk og bokmål, med same språkmotor som Kontroller.

  • Lesbarheit og tunge setningar

    LIX og setningslengd for kvar side, og setningar som er for lange og har for mange leddsetningar.

  • Målform og stilmal

    Kva målform kvar side er skriven på, og ord som ikkje følgjer stilmalen til verksemda.

  • KI-preg

    Fraser og vanar som får teksten til å lese som KI. Nyno seier aldri kven som skreiv han.

  • Rettskriving på kvar side

    På sida for éi nettside kan du sjekke rettskriving og målform i teksten, med same kontroll som i Kontroller.

Klarspråk i Nyno tek med fleire mål enn LIX og gir teksten eit tal frå 0 til 100. Sjå korleis klarspråk i Nyno fungerer.

Rekn ut LIX for ein tekst i LIX-kalkulatoren

Kva betyr tala?LIX, tunge setningar og KI-preg forklart.

Krava i Noreg, kort fortalt

Her er hovudpunkta. Den fullstendige og oppdaterte teksten finn du hos Tilsynet for universell utforming av IKT.

Dette er ikkje juridisk rådgjeving. Kva som gjeld for di verksemd, avheng av kva slags verksemd det er og kva løysingar de har.

  • Plikta står i lova

    Likestillings- og diskrimineringslova seier at både offentlege og private verksemder skal ha universelt utforma IKT-løysingar når løysingane er retta mot publikum.

  • Forskrifta viser til WCAG

    Forskrift om universell utforming av IKT-løysingar seier kva krav som gjeld. For nettstader byggjer krava på WCAG. Offentleg sektor skal følgje WCAG 2.1 på nivå A og AA.

  • Tilgjengelegheitserklæring

    Offentlege verksemder skal ha ei tilgjengelegheitserklæring for kvar nettstad. Ho seier i kva grad nettstaden oppfyller krava, og korleis verksemda tek imot meldingar om feil.

  • Tilsynet

    Tilsynet for universell utforming av IKT er ein del av Digitaliseringsdirektoratet og fører tilsyn med krava.

Spørsmål og svar om universell utforming

Har du andre spørsmål, spør oss.

Kva er universell utforming?

Universell utforming tyder at noko skal kunne brukast av flest mogleg, utan særskild tilpassing. For ein nettstad tyder det mellom anna at han kan lesast med skjermlesar og brukast med tastatur, og at bilete, lenkjer og skjema har tekst som fortel kva dei er.

Kva er WCAG?

WCAG står for Web Content Accessibility Guidelines, på norsk Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald. Retningslinjene kjem frå W3C og er delte i suksesskriterium på nivå A, AA og AAA. Nyno viser kva kriterium kvar sjekk høyrer til, til dømes 1.1.1 for alt-tekst.

Kven må ha tilgjengelegheitserklæring?

Offentlege verksemder skal ha ei tilgjengelegheitserklæring for nettstadene sine. Ho seier i kva grad nettstaden oppfyller krava, og korleis verksemda tek imot meldingar om feil. Kva som gjeld for di verksemd, står hos uutilsynet.no.

Kan eit verktøy teste alt?

Nei. Eit verktøy som les HTML-koden, finn berre ein del av problema. Fargekontrast, tastaturbruk, fokus og om innhaldet er forståeleg, må ein person teste. Nyno er ei hjelp til å finne feil, ikkje ein WCAG-revisjon.

Seier Nyno at nettstaden følgjer krava?

Nei. Nyno viser det som kan teljast i koden. Sjølv om Nyno ikkje finn noko, kan nettstaden ha feil som berre ein person finn.

Kven kan bruke Universell utforming i Nyno?

Universell utforming er ein del av Nettstad, ei tilleggsteneste som vi slår på for verksemda etter avtale. Administratorane i verksemda legg til nettstader og startar lesingar, og alle medlemmer kan sjå resultata.

Kor ofte blir nettstaden lesen?

Ein administrator kan starte ei ny lesing når sidene er endra. Nyno kan òg lese nettstaden på nytt kvar månad. Kor mange nettstader og sider som er med, avtaler vi med verksemda.

Kva kostar det?

Kva Nettstad kostar, og kva som er med i dei ulike planane, får du vite hos oss.

Få nettstaden din sjekka

Fortel oss kva nettstad det gjeld, så viser vi kva Nyno finn, og kva Nettstad kan gjere for dykk.

Les personvernerklæringa