Tekstanalyse og KI-preg

Nyno viser kor lett ein tekst er å lese, kva han kjem tilbake til og kor mykje han ber preg av maskinskriven tekst.

Her er kva tala betyr og kvar du finn dei. Kontrollen byggjer på ordlister og reglar, ikkje på ein språkmodell, og han seier korleis teksten les seg, aldri kven som skreiv han.

Analyser i Nyno-panelet, med LIX 34, ord per setning, lange ord, «du» og «vi» og KI-preg for ei nettside.
Analyser i Nyno for Chrome. Sida i dømet er frå ein oppdikta kommune.

Kor lett teksten er å lese

Tala blir rekna ut frå teksten slik han står. Dei seier noko om forma, ikkje om innhaldet er rett eller om lesaren finn det han leitar etter. Les meir om det i guiden Språkvask, korrektur og klarspråk.

LIX

LIX er snittet av ord per setning lagt saman med delen lange ord i prosent. Eit ord er langt når det har meir enn seks bokstavar. Lågare tal er lettare å lese.

Skalaen er ein rettleiar, ikkje ein fasit. Ein fagtekst til fagfolk kan ha høg LIX og likevel fungere, og eit lågt tal gjer ikkje ein tekst klar dersom noko viktig manglar.

Slik les Nyno LIX-skalaen
LIXNivåSom
Under 30Svært lettBarnebøker
30 til 39LettSkjønnlitteratur
40 til 49MiddelsAviser
50 til 59TungOffentlege tekstar
60 og overSvært tungFagtekstar
  • Ord per setning

    Gjennomsnittleg lengd på setningane i teksten. Er snittet over 15 ord, viser Nyno «Lange setningar». Eit snitt kan skjule både svært korte og svært lange setningar, så sjå på rytmen òg.

  • Lange ord

    Delen av orda som har meir enn seks bokstavar. Samansette ord og fagord dreg talet opp, og det er ofte dei lesaren må stoppe ved.

  • Tunge setningar

    Ei setning er tung når ho har minst 25 ord og tre leddsetningar, eller 40 ord uansett korleis ho er bygd. Nyno merker ho som «sjå over» og foreslår å dele ho, men endrar ingenting.

  • «Du» og «vi» per 100 ord

    Kor ofte teksten snakkar til lesaren og om avsendaren, i alle former som «deg», «dykk», «oss» og «vår». Under 1 per 100 ord merker Nyno teksten som lite personleg.

  • Tekstpuls og rytme

    Tekstpuls teiknar éin strek per ord, der høgda er talet på bokstavar og mellomromma er setningsskifte. Rytme teiknar éin strek per setning, der høgda er talet på ord. Begge viser om setningane varierer.

  • Oppbygging

    Kvar overskrift er ei rad, og kvart felt i rada er ei setning. Breidda viser talet på ord. Slik ser du kva delar av teksten som er tunge, og kvar ein bolk blir lang.

  • Uttrykk som går igjen

    Ordlag på to eller tre ord som står fleire gonger, og innhaldsorda teksten brukar mest. Det hjelper deg å finne gjentakingar og vendingar du kan variere.

  • Funn

    Det kontrollen har merkt, sortert etter type, som målform, rettskriving, husnorm, KI-preg og namn. «Vis» finn staden på sida, så du ser ordet i samanhengen.

Kva KI-preg måler

KI-preg seier kor mykje ein tekst ber trekk som er vanlege i tekst skriven av språkmodellar. Nyno gir eit tal frå 0 til 100 på ein eigen skala, og nivået er lågt, middels eller høgt. Talet seier korleis teksten les seg, ikkje kven som skreiv han.

  • Faste fraser og hypeord

    Innleiingar og vendingar som seier lite, som «i eit stadig meir digitalt samfunn» og «spelar ei viktig rolle», og ord som «sømlaus», «skreddarsydd» og «banebrytande».

  • Faste konstruksjonar og tregrupper

    Mønster som «ikkje berre … men også», «alt frå … til …» og «anten du er … eller …». Fleire oppramsingar av tre eigenskapar på rad, som «raske, trygge og enkle», tel òg.

  • Ordvariasjon

    Kor variert ordvalet er, samanlikna med snittet i norske tekstar skrivne av menneske. Nyno viser talet for teksten og snittet side om side.

Kvart funn får ei kort forklaring, og der eit enklare ord passar, eit forslag. I Analyser finn «Vis» staden på sida, og i Skrivehjelp blir KI-preg merkt med fiolette prikkar.

Sjå eit døme på KI-preg før og etter omskriving

Signala blir talde med reglar. For tekstar på minst 100 ord vektar Nyno dei med ein modell som er trena på norske tekstar skrivne av menneske og av KI. Kortare tekstar blir målte med reglane åleine.

KI-preg i Funn-fana, med tre signal og to funn i teksten som kan visast på sida.
KI-preg for ei nyheitssak. Sju faste fraser og hypeord, éin fast konstruksjon og ordvariasjon på 86 prosent, mot 80 prosent i snitt for menneske.

Kva KI-preg ikkje er

KI-preg er eit hjelpemiddel for den som skriv. Det er laga for å gjere ein tekst betre, ikkje for å vurdere folk.

Lurer du på om teksten din ser ut som KI-tekst? Slik sjekkar du KI-preg og skriv om dei merkte stadene.

  • Ikkje ein KI-detektor

    Nyno kan ikkje avgjere om ein tekst er skriven av KI eller av eit menneske, og prøver heller ikkje. KI-preg skildrar teksten, ikkje den som skreiv han.

  • Ikkje eit bevis

    Menneske skriv òg faste fraser og tregrupper, og ein KI-tekst som er godt redigert, kan få lågt tal. Bruk aldri KI-preg som grunnlag for å skulde nokon for noko.

  • Ikkje eit mål på kvalitet

    Ein tekst med lågt KI-preg kan likevel vere tung eller uklar. Korte og enkle setningar er klarspråk, ikkje KI-preg. Sjå talet saman med resten av analysen.

  • Ikkje ein språkmodell

    Kontrollen byggjer på ordlister og reglar. Same tekst gir same svar kvar gong, og ingenting blir skrive om av seg sjølv.

Rettskriving, målform og stilmal

Same kontroll ligg under Analyser, Skrivehjelp, Kontroller og check_text. Han finn ord som ikkje står i ordlistene, ord frå feil målform, særskriving, namn, mellomrom og former som bryt med stilmalen til verksemda.

  • Alle rette former blir godtekne

    Nyno rettar ikkje mot éi form når rettskrivinga tillèt fleire. Det er stilmalen som avgjer kva former verksemda vil bruke.

  • Usikre stader blir merkte

    Det Nyno ikkje kan avgjere sikkert, blir merkt «sjå over» og blir aldri retta av seg sjølv.

  • Du har siste ordet

    Eit forslag kjem inn i teksten berre når du vel «Bruk».

Fargane i Skrivehjelp

  • Raudt for feil
  • Gult for det du bør sjå over
  • Blått for stilmalen
  • Fiolette prikkar for KI-preg
Les om stilmalar
Skrivehjelp i eit publiseringsverktøy, med merkte ord i teksten og eit kort som foreslår eit anna ord.
Skrivehjelp merker særskriving, ord som ikkje står i ordlistene, ord som bryt med stilmalen, ei tung setning og ei fast frase. Kortet viser forslaget frå stilmalen.

Kvar du finn analysen

Kontrollen er den same overalt. Tala for lesbarheit, rytme og oppbygging finn du i Analyser i Chrome.

Nyno for Chrome

Analyser gir alle tala på denne sida for nettsida du les eller ein tekst du limer inn. Skrivehjelp kontrollerer medan du skriv, med tunge setningar og reglane stilmalen har for Facebook, Instagram og LinkedIn.

Kontroller i Nyno på nett

Lim inn ein tekst og få same kontroll, med eit eige kort for KI-preg. Slå på «Sjekk klarspråk» for å få merkt tunge setningar og sjå kor mange ord som er sjeldne i norske bøker.

check_text i Nyno MCP

Same kontroll i ChatGPT, Claude og Microsoft 365 Copilot. Be KI-assistenten sjekke teksten med Nyno, så kjem funna tilbake i samtalen.

Spørsmål og svar om tekstanalyse

Finn du ikkje svaret, kan du spørje oss.

Kan Nyno sjå om ein tekst er skriven av KI?

Nei. KI-preg seier kor mykje teksten ber trekk som er vanlege i maskinskriven tekst, ikkje kven som skreiv han. Menneske skriv òg slik, og ein KI-tekst som er redigert, kan få lågt tal. Bruk KI-preg til å gjere teksten betre, ikkje som bevis.

Kva er ein god LIX-verdi?

Det kjem an på kven som skal lese. Lågare tal er lettare å lese. Under 30 er svært lett, 30 til 39 lett, 40 til 49 middels, 50 til 59 tung og 60 eller meir svært tung. Ein tekst til eit breitt publikum tener som regel på eit lågare tal enn ein fagtekst til fagfolk.

Kvifor får teksten min KI-preg når eg skreiv han sjølv?

Fordi trekka finst i tekst skriven av menneske òg. Faste fraser, hypeord og tregrupper er vanlege i marknadsføring og rapportar. Funna viser kva Nyno reagerte på, så du kan vurdere om du vil seie det enklare.

Endrar Nyno teksten av seg sjølv?

Nei. Eit funn er eit forslag. I Skrivehjelp set «Bruk» inn forslaget, og «Ignorer» lèt teksten stå. Usikre stader blir merkte «sjå over» og blir aldri retta automatisk.

Brukar kontrollen ein språkmodell?

Nei. Kontrollen byggjer på ordlister og reglar frå Norsk ordbank. Han godtek alle former som er rette etter rettskrivinga, og rettar berre mot stilmalen til verksemda.

Prøv analysen på ein tekst du kjenner

Legg til Nyno i Chrome og opne Analyser på ei side de har publisert, eller snakk med oss om tilgang for verksemda.

Les personvernerklæringa