Installasjonsrettleiing for Nyno
Her finn du detaljerte steg for korleis du installerer og aktiverer Nyno-utvidinga for Chrome.
Steg-for-steg installasjon
1. Opne Chrome Web Store
Opne Google Chrome og naviger til Chrome Web Store.
2. Søk etter "Nyno"
Bruk søkefeltet og skriv inn "Nyno". Sjå etter utvidinga levert av "Tixio".
3. Legg til i Chrome
Klikk på "Legg til i Chrome"-knappen.
4. Stadfest installasjon
Ein dialogboks ber om stadfesting. Klikk "Legg til utviding".
5. Installasjon fullført
Nyno-ikonet skal no vere synleg i verktøylinja di (kanskje under puslespel-ikonet).
Aktivering av lisens
1. Fest utvidinga (anbefalt)
Klikk på puslespel-ikonet (Utvidingar) i verktøylinja og klikk på teiknestift-ikonet ved sida av Nyno for å feste det for enkel tilgang.
2. Opne utvidinga
Klikk på Nyno-ikonet i verktøylinja.
3. Logg inn
Skriv inn brukarnamn og passord for Nynodata-kontoen din for å aktivere lisensen. Utvidinga er no klar til bruk.
Har du problem med installasjonen? Sjå vår Feilsøkingsguide eller kontakt support.