Kontroller og Skrivehjelp i Nyno

Stavekontroll for nynorsk og bokmål

Nyno rettar stavefeil og ser etter blanda målform, husnorma til verksemda, tunge setningar og KI-preg. Du vel sjølv kva du vil endre.

Stavekontrollen er laga for norsk, med Norsk ordbank som ordliste for begge målformene. Du finn han på nett, i Chrome og i appen for Windows og Mac.

Skrivehjelp i eit publiseringsverktøy, med merkte ord i teksten og eit kort som foreslår eit anna ord.
Skrivehjelp i Nyno for Chrome. Kommunen er oppdikta.

Prøv stavekontrollen på teksten din

Lim inn ein tekst på nynorsk eller bokmål, på opptil 2 000 teikn. Du ser funna merkte i teksten, utan å logge inn.

Med ein gratis konto kan du prøve Nyno på din eigen tekst.

Opprett ein gratis konto

Dette sjekkar Nyno

Funna er anten «feil» eller «sjå over». Ein feil har som regel eit forslag du kan bruke. «Sjå over» er det Nyno ikkje kan vere sikker på, og det må du avgjere sjølv.

  • Rettskriving

    Kvar tekst blir sjekka mot ordlista for den målforma du har valt.

    • Ord som ikkje finst i ordlistaOrdlista er Norsk ordbank. Samansette ord av kjende delar blir godtekne.
    • Utgåtte formerFormer som ikkje lenger er rett skrivemåte, med forma som gjeld no.
    • SærskrivingTo ord som skal skrivast i eitt, til dømes «barnehage plass».
    • Apostrof og mellomromApostrof i genitiv, dobbelt mellomrom og mellomrom framfor komma eller punktum.
  • Målform og ordval

    Nyno seier frå når teksten blandar målformer.

    • Ord frå den andre målformaBokmålsord i ein nynorsktekst, og nynorskord i ein bokmålstekst.
    • Namn og forkortingarUkjende ord med stor forbokstav blir merkte som «sjå over», sidan dei kan vere namn.
    • Nokre vanlege ordforvekslingarOrd som finst, men som truleg er feil i setninga, til dømes «og» og «å» eller «ligge» og «legge». Dei er alltid merkte «sjå over».
  • Stilmal og skrivereglar

    Med stilmalen til verksemda blir husnorma sjekka òg.

    • Formene de har valtRett norsk, men ikkje forma i husnorma. Til dømes «skule» når stilmalen seier «skole».
    • Ord de vil unngå, og eigne ordOrd stilmalen seier nei til blir merkte. Namn og fagord de har lagt inn, blir godtekne.
    • SkrivereglarKven som talar, «vi» eller «me», aktiv form og typografi som hermeteikn og tankestrek.
  • Klarspråk

    Det som gjer teksten tung å lese, blir merkt «sjå over».

    • Tunge setningarLange setningar med mange leddsetningar.
    • Kanselliord og substantivsjukeTunge, formelle ord, og verb som er gjorde om til substantiv.
    • Passiv, lange ord og lange avsnittPassiv utan «av», svært lange samansette ord og avsnitt som er lange på ein skjerm.
  • KI-preg

    Fraser og vanar som er vanlege i tekst ein språkmodell har skrive.

    • Faste fraser og store ordTil dømes «spelar ei viktig rolle», med ein enklare måte å seie det på.
    • Konstruksjonar og rytmeMotsetnader som «ikkje X, men Y», tregrupper og like opningar.
    • Aldri kven som skreivNyno seier korleis teksten les seg, ikkje kven som skreiv han.

Nyno er ikkje ein full grammatikkontroll. Kommareglar og setningsbygnad blir ikkje sjekka, så les alltid gjennom teksten sjølv.

Klarspråk i Nyno tek med fleire mål enn LIX og gir teksten eit tal frå 0 til 100. Sjå korleis klarspråk i Nyno fungerer.

Der du skriv

Kontrollen er den same overalt, med den same kontoen og stilmalen til verksemda.

  • Nyno på nett

    Kontroller i app.nynodata.no. Skriv, lim inn eller opne ei Word-fil, og lagre som Word, OpenDocument eller PDF når du er ferdig.

    Om skriveflata
  • Chrome

    Skrivehjelp merkjer funna i tekstfeltet du skriv i på nettsider, til dømes i publiseringsverktøyet eller e-post på nett.

    Om Nyno for Chrome
  • Windows og Mac

    Kontroller i appen for Windows og Mac. Kopier tekst kvar som helst og opne han i eit lite vindauge med ein hurtigtast.

    Om appen

Leiter du etter Grammarly på norsk?

Mange søkjer etter «Grammarly norsk» når dei vil ha ein skrivehjelp som rettar medan dei skriv. Grammarly har sidan mars 2026 rettskriving og grammatikk for norsk i ein betaversjon, ifølgje Grammarly sjølv.

Nyno er laga for norsk frå starten. Nynorsk og bokmål har kvar si ordliste frå Norsk ordbank, og stilmalen til verksemda er med i kontrollen.

Vil du vite meir om KI-preg?

KI-preg i Nyno viser kva som får ein tekst til å lese som KI, og korleis du kan skrive han annleis.

Sjå eit døme før og etter

Spørsmål og svar om stavekontrollen

Les meir om korleis vi handsamar tekst i personvernerklæringa. Har du andre spørsmål, spør oss.

Er stavekontrollen gratis?

Du kan opprette ein gratis konto og prøve Kontroller. Kva som er med i dei ulike planane, og prisar for verksemder, får du vite hos oss.

Fungerer han på både nynorsk og bokmål?

Ja. Du vel målform, og teksten blir sjekka mot ordlista for den målforma. Ord frå den andre målforma blir merkte.

Er dette ein full grammatikkontroll?

Nei. Nyno sjekkar ord, former, målform, særskriving, nokre vanlege ordforvekslingar og husnorma til verksemda. Kommareglar og setningsbygnad blir ikkje sjekka. Les alltid gjennom teksten sjølv.

Rettar Nyno teksten av seg sjølv?

Nei. Du ser kvart funn og vel kva du vil gjere. Rettingar Nyno er sikker på, kan du bruke på ein gong. Det som er merkt «sjå over», må du avgjere sjølv.

Fungerer det i Word?

Du kan opne ei Word-fil i Kontroller på nett eller i appen for Windows og Mac, rette teksten og lagre han som Word igjen. Bilete, kommentarar og sporingsendringar blir ikkje tekne med. Nyno 4 for Office er laga for omsetting til nynorsk i Word, PowerPoint, Outlook og Excel.

Fungerer det i Google Docs og Outlook?

I Chrome merkjer Skrivehjelp funna i tekstfelt og redigerbare felt på nettsider. Vi lovar ikkje at alle nettbaserte skriveprogram fungerer. Prøv i det programmet du brukar, eller kopier teksten inn i Kontroller.

Lagrar Nyno teksten min?

Nei. Teksten blir send kryptert til Nyno medan han blir kontrollert, men blir ikkje lagra.

Kva er skilnaden på stavekontrollen og Skriveverkstad?

Kontrollen er den same. Skriveverkstad er skriveflata i Nyno på nett, der du skriv, opnar filer og lagrar. Denne sida handlar om kva kontrollen ser etter, og kvar du finn han.

Prøv stavekontrollen

Opprett ein gratis konto og lim inn ein tekst i Kontroller.

Les personvernerklæringa