Ta Nyno med inn
i KI-verktøyet ditt.
Vel plattforma du bruker. Her finn du serveradressa, tilgangane og stega for å kome i gang.
Vel plattform
Claude
Set opp Nyno som ei eiga tilkopling i Claude, eller bruk MCP i Claude Code.
Sjå oppsettMicrosoft 365 Copilot
Legg Nyno til som MCP-verktøy i ein agent i Copilot Studio, og gjer agenten tilgjengeleg i verksemda.
Sjå oppsettChatGPT
Sjå kva som må vere på plass for å bruke Nyno som eit MCP-verktøy direkte i ChatGPT.
Sjå oppsettCodex
Bruk Nyno som eit eksternt MCP-verktøy i Codex med ein personleg API-nøkkel.
Sjå oppsettFør du startar
Du treng ein Nyno-konto med tilgang til verksemda du skal arbeide for. For oppsett med API-nøkkel opprettar du ein eigen nøkkel i Nyno.
- Logg inn i Nyno og opne API-nøkler.
- Lag ein nøkkel med eit namn du kjenner att. Vel Lese og Skrive for å finne verksemda og omsetje tekst. Omsetjing krev Skrive; Admin er ikkje nødvendig.
- Oppbevar nøkkelen trygt. Legg han berre inn i innstillingane for tilkoplinga, aldri i ein vanleg KI-samtale.
Serveradressa
Nyno bruker Streamable HTTP. Du treng ikkje installere ein lokal Nyno-server for desse oppsetta.
https://appapi.nynodata.no/mcp ChatGPT krev ei anna innlogging enn dagens API-nøkkel. Sjå ChatGPT-rettleiinga før du prøver å kople til.
Prøv ei kort omsetjing
Kontroller at assistenten bruker verktøyet translate_nynorsk, og ikkje berre omset sjølv. Dersom du har tilgang til fleire verksemder, må du velje kva verksemd teksten høyrer til.
Bruk Nyno til å omsetje denne teksten til nynorsk: «Vi ønsker å gjøre informasjonen tilgjengelig for alle innbyggerne.» Får du ikkje kontakt?
- 401 – innlogging manglar
- Kontroller nøkkelen og innloggingsmetoden. Det er normalt å få 401 om du opnar serveradressa direkte i nettlesaren utan nøkkel.
- 403 eller manglande omsetjingsverktøy
- Kontroller Skrive-tilgangen og medlemskap i rett verksemd. Ein nøkkel med berre Lese kan ikkje omsetje tekst.
- Plattforma krev godkjenning
- Be IT-ansvarleg sjekke reglane for appar, connectors og datadeling i arbeidsområdet.