Nyno Desktop

Nyno for Windows og Mac

Snakk det inn, og få det ferdig skrive på rett norsk. Lyden blir på maskina di.

Appen samlar Kontroller og Omset frå Nyno med transkribering, diktering, møtereferat og dokumentverktøy som køyrer lokalt. Han er på nynorsk eller bokmål.

Appen er signert, og Mac-versjonen er kontrollert av Apple (notarisert). Nye versjonar kjem automatisk.

Kontroller i Nyno for Windows og Mac. Ein nynorsktekst med merkte feil, ei form frå stilmalen og ei KI-frase, og ved sida fem funn og KI-preg 41 av 100.
Kontroller i appen, med stilmalen til ei verksemd. Teksten og verksemda er døme.

Dette kan appen

Kvart kort seier kvar arbeidet skjer. Det som er merkt «På maskina», sender ingenting ut. Det som er merkt «Hos Nyno», sender teksten til Nyno når du trykkjer på knappen.

  • Kontroller

    Rettskriving, målform, stilmalen til verksemda, KI-preg og klarspråk. Funna blir merkte i teksten, og du vel kva du vil bruke. Lim inn tekst eller dra inn eit dokument.

    Les om tekstanalysen

    Hos Nyno
  • Omset

    Frå bokmål til nynorsk med stilmalen til verksemda, med før og etter side om side.

    Les om Omset

    Hos Nyno
  • Nyno Tale

    Gjer opptak, lydfiler og video om til tekst med tidskoder, på nynorsk eller bokmål.

    Les om Nyno Tale

    På maskina
  • Diktering

    Snakk inn teksten i alle program med ein hurtigtast. «Diktér og vask» ryddar teksten før han blir sett inn.

    Les om diktering

    På maskina
  • Møtereferat

    Ein språkmodell på maskina lagar utkast til møtereferat, samandrag eller saksnotat frå utskrifta.

    Les om møtereferat

    På maskina
  • Personvernvask

    Bytt ut fødselsnummer, kontonummer, telefonnummer og e-post før du limer ein tekst inn i ei KI-teneste.

    Sjå korleis

    På maskina
  • Dokument og PDF

    Slå saman PDF-ar, trekk ut sider, roter, fyll ut skjema, signer og lag ein sladda kopi.

    Sjå PDF-verktøya

    På maskina
  • Språkanalyse og innsikt

    LIX, setningslengd, lesbarheit, setningsrytme og faste uttrykk, rekna ut medan du skriv.

    Les om tala

    På maskina
  • Kopiert tekst

    Kopier tekst kvar som helst og trykk ein hurtigtast. Eit lite vindauge opnar med Kontroller og Omset.

    Sjå hurtigtastane

    Hos Nyno

Kva blir på maskina, og kva går til Nyno?

Det meste skjer på maskina. Berre det du ber Nyno om å kontrollere eller omsette, går til Nyno, og Nyno lagrar ikkje teksten. Utan innlogging blir ingenting sendt til Nyno.

Kvar dataa dine er
KvarKva
På maskinaLyd og opptak, utskrifter, diktering og loggen over diktat, opprydding av diktat, referat med lokal språkmodell, dokument og PDF-ar, personvernvask, språkanalyse og innsikt.
Til NynoInnlogging, teksten i Kontroller, teksten i Omset og språkvasken i «Diktér og vask». Berre når du ber om det. Nyno tel bruken, men lagrar ikkje tekstane.
Blir lasta nedTalemodellar og språkmodellar, når du ber om det, og nye versjonar av appen.

Appen lagrar ikkje lyd, passordet ditt eller tekst du kontrollerer og omset. Nyno-økta er kryptert på maskina. Under Innstillingar ser du alle stadene appen har kontakta.

Personvernvask før du brukar KI

Skal du lime ein tekst inn i ei KI-teneste, bør personopplysningane ut først. Personvernvask finn fødselsnummer, kontonummer, IBAN, telefonnummer og e-postadresser og byter dei ut med ein merkelapp.

Namn, adresser og saksnummer har ikkje noko fast mønster. Dei skriv du inn sjølv, så blir dei vaska òg. Alt skjer på maskina, og teksten blir ikkje lagra.

Under PDF-verktøy kan du sladde personopplysningar i ein PDF og lage ein sladda kopi. Les alltid gjennom før du deler.

Personvernvask av tekst. Ein e-post med fødselsnummer, kontonummer, telefon og e-post. Appen har bytt ut fire opplysningar, og den vaska teksten har merkelappar som [fødselsnummer] og [telefon].
Personvernvask av ein e-post. Personen og nummera er oppdikta.

Hurtigtastar som verkar i alle program

Appen ligg klar i bakgrunnen. Du kan endre hurtigtastane i innstillingane.

  • Ctrl + Shift + NOpnar eit lite vindauge med teksten du kopierte, med Kontroller og Omset.
  • Ctrl + Shift + RDiktering. Trykk for å starte og trykk igjen for å stoppe.
  • Ctrl + Shift + EDiktér og vask. Teksten blir rydda før han blir sett inn.

På Mac brukar du Cmd i staden for Ctrl.

Lokal KI

Referat og opprydding av diktat brukar ein språkmodell som køyrer på maskina. Appen kan laste ned og køyre modellen sjølv, eller kople seg til Ollama eller LM Studio.

Ein administrator kan slå på ein skymodell, men berre for referat, og berre når brukaren vel han. Opprydding av diktat brukar aldri skymodellen.

Slik kjem du i gang

  1. Last ned og installer appen for Windows eller Mac.
  2. Vel språk i appen, nynorsk eller bokmål.
  3. Logg inn med Nyno-kontoen om du vil bruke Kontroller og Omset. Tale og Dokument verkar utan.
  4. Last ned talemodellen. Appen tilrår ein ut frå maskina.
  5. Vel ein språkmodell for referat om du vil. Det kan du gjere seinare.
Maskin og minne
Windows64-bit (x64)
MacApple-brikke eller Intel-prosessor
Talemodell55 MB til 1,1 GB. Den nøyaktige modellen er tilrådd frå 8 GB minne.
SpråkmodellFleire GB. Til dagleg bruk bør maskina ha minst 16 GB minne eller eit grafikkort med 12 GB.

Spørsmål og svar om appen

Har du spørsmål om avtale eller utrulling i verksemda, ta kontakt.

Treng eg ein Nyno-konto?

Nyno Tale, diktering, referat, Dokument og språkanalysen verkar utan konto. Kontroller, Omset og språkvasken i «Diktér og vask» krev ein Nyno-konto, den same som i Nyno på nett og i Chrome.

Kva kostar appen?

Snakk med oss om avtale for verksemda. Har de alt Nyno, brukar du same konto og dei same stilmalane i appen.

Kva maskiner kan eg bruke?

Windows (64-bit) og Mac, både med Apple-brikke og med Intel-prosessor. Talemodellane og språkmodellane passar til ulike maskiner, og appen tilrår ein modell ut frå minnet og grafikkortet.

Kvar lagrar appen data?

I ei datamappe i brukarmappa di. Lyd, tekst du kontrollerer eller omset, utskrifter og referat blir ikkje lagra av appen. Dei blir berre lagra når du sjølv vel å lagre ei fil.

Er appen trygg å installere?

Ja. Appen er signert, og Mac-versjonen er kontrollert av Apple (notarisert). Berre signerte versjonar blir publiserte, og appen oppdaterer seg sjølv.

Brukar appen ein skymodell?

Ikkje av seg sjølv. Ein administrator kan slå på ein skymodell for referat. Då må brukaren velje han for kvart referat, og appen seier kvar teksten går. Lyden blir aldri send.

Kan appen brukast med skjermlesar og tastatur?

Appen kan styrast med tastatur, og han blir testa automatisk mot WCAG 2.1 AA. Han er enno ikkje gjennomgått med skjermlesar.

Prøv Nyno for Windows og Mac

Last ned appen og prøv Nyno Tale utan konto. For verksemder hjelper vi med avtale og oppsett.

Les personvernerklæringa