Møtereferat
Møtereferat med KI – og ein gratis mal
Last ned ein ferdig mal for møtereferat på nynorsk eller bokmål. Eller la Nyno lage eit utkast frå opptaket, på di eiga maskin.
Malen finst i Word og OpenDocument. Han har plass til saker, vedtak, oppgåver med frist og opne spørsmål, og nokre tips til referenten.
Gratis mal for møtereferat
Malen er klar til bruk. Fyll inn det som står i hakeparentes, og slett tipsa før du sender referatet. Han opnar i Word og LibreOffice, og i andre program som les Word-filer.
- Møteopplysningar: Dato, stad, møteleiar, referent, kven som var til stades og forfall.
- Saker: Bakgrunn, drøfting og vedtak for kvar sak.
- Oppgåver: Ein tabell med ansvarleg og frist.
- Opne spørsmål, neste møte og godkjenning.
Korleis skrive eit godt referat
Eit godt møtereferat er kort, og det fortel kva som vart avgjort og kven som skal gjere kva. Den som ikkje var med, skal forstå det.
Før møtet
Set opp ein mal med saklista. Då er overskriftene klare, og du kan skrive rett inn under kvar sak.
Under møtet
Skriv ned vedtak, oppgåver og fristar. Du treng ikkje få med alt som blir sagt, berre det som er viktig for vedtaket.
Etter møtet
Skriv referatet same dag. Les gjennom, få det godkjent av møteleiaren og send det til alle som var med.
Møtereferat med KI, utan at opptaket forlèt maskina
I Nyno for Windows og Mac kan du gå frå opptak til utkast utan å sende noko ut av huset. Både talegjenkjenninga og språkmodellen køyrer på maskina di.
Ta opp eller dra inn opptaket
Nyno Tale skriv ut møtet på maskina, på nynorsk eller bokmål. Ein videofil frå eit nettmøte går òg.
Vel mal
Møtereferat, Kort samandrag eller Saksnotat. Verksemda kan leggje inn eigne malar.
Trykk «Lag referat»
Ein språkmodell på maskina lagar eit utkast med tittel, samandrag, vedtak, oppgåver og opne spørsmål.
Les gjennom og del
Rett direkte i teksten. Lagre som Word, eller send utkastet til språkvask i Kontroller.
Språkmodellen skal ikkje dikte opp noko. Står det ingen vedtak i opptaket, skriv han det. Han tek berre med deltakarar når namna blir sagde, og gjettar aldri på kven som sa kva.
Les likevel alltid gjennom. Talegjenkjenninga kan høyre feil, og språkmodellen kan misforstå.
Det du treng
Referat krev ein språkmodell på maskina. Appen kan laste ned ein modell og køyre han sjølv, eller kople seg til Ollama eller LM Studio om de alt brukar det.
Ein administrator kan òg slå på ein skymodell. Han blir berre brukt når du vel han for eit referat, og knappen seier kva leverandør teksten går til. Lyden blir aldri send.
Les om Nyno Tale og transkriberingNyno for Windows og Mac
Referat er ein del av appen, saman med Nyno Tale, Kontroller og Omset.
Tre malar å velje mellom
Møtereferat, Kort samandrag og Saksnotat. Verksemda kan leggje til eigne.
Nynorsk eller bokmål
Referatet blir skrive på den målforma du har valt i appen.
Spørsmål og svar om møtereferat
Les òg om Nyno for Windows og Mac, eller spør oss.
Kva skal stå i eit møtereferat?
Kva møte det var, dato, kven som var til stades og kven som hadde forfall. Så kvar sak med vedtak, oppgåver med ansvarleg og frist, og det som står att til neste gong. Malen vår har plass til alt dette.
Er malen gratis?
Ja. Malen er fri til bruk, også i verksemda. Du kan endre han som du vil, til dømes med logoen dykkar.
Kva er skilnaden på eit referat og ein protokoll?
Ein protokoll er ei formell oversikt over vedtaka, ofte med krav til korleis han skal førast, til dømes i styre og politiske organ. Eit referat kan i tillegg fortelje kva som vart drøfta. Sjekk kva reglar som gjeld for møtet ditt.
Kan KI skrive møtereferatet for meg?
KI kan lage eit godt utkast, men ikkje eit ferdig referat. Talegjenkjenninga kan høyre feil, og språkmodellen kan misforstå. Den som skriv referatet, må lese gjennom og ta ansvar for innhaldet.
Blir opptaket send til ei skyteneste?
Nei. I Nyno for Windows og Mac blir opptaket skrive ut på maskina, og språkmodellen som lagar referatet, køyrer òg der. Ein administrator kan slå på ein skymodell. Då må du sjølv velje han for kvart referat, og appen seier kvar teksten går.
Treng eg ein kraftig maskin?
Referatet blir laga av ein språkmodell på maskina. På ei maskin utan grafikkort kan det ta nokre minutt. Appen måler maskina og tilrår ein modell som passar.
Kan eg bruke opptak frå nettmøte?
Ja, om du har lov til å ta opp møtet. Dra inn lyd- eller videofila i Nyno Tale. Alle som er med, bør vite at møtet blir teke opp.
Skriv det neste referatet raskare
Ta malen i bruk med ein gong, eller last ned Nyno for Windows og Mac og la maskina lage utkastet.