LIX-kalkulator

Lim inn ein tekst og sjå kor lett han er å lese etter lesbarheitsindeksen LIX. Du får òg ord per setning og delen lange ord.

Kalkulatoren tel medan du skriv. Avsnitt og linjeskift tel som setningsslutt.

Teksten blir verande i nettlesaren din. Han blir ikkje send til Nyno eller nokon annan, og han blir ikkje lagra.

Resultat

Skriv eller lim inn ein tekst, så kjem tala her.

Slik blir LIX rekna ut

LIX = ord per setning + prosent lange ord

Eit ord er langt når det har meir enn seks bokstavar. Tal og teikn tel ikkje som bokstavar. Ei setning sluttar ved punktum, spørjeteikn eller utropsteikn før stor bokstav eller tal, og ved linjeskift. Eit punktum etter forkortingar som «kl.», «nr.» og «osv.» sluttar ikkje setninga.

Dømet i kalkulatoren er eit vedtaksbrev med 104 ord i 5 setningar. Det gir 20,8 ord per setning, og 33,7 prosent av orda er lange. LIX blir 54, som er tung.

Slik les Nyno LIX-skalaen
LIXNivåSom
Under 30Svært lettBarnebøker
30 til 39LettSkjønnlitteratur
40 til 49MiddelsAviser
50 til 59TungOffentlege tekstar
60 og overSvært tungFagtekstar

Kva LIX ikkje seier

LIX er rask og enkel, og han måler berre lengder. Bruk talet som eit teikn på kvar du bør sjå etter, ikkje som ein fasit.

  • Kva orda betyr

    LIX tel bokstavar, ikkje kor kjende orda er. «Barnehageplass» er langt, men alle kjenner det. «Kurant» er kort, men mange må stoppe ved det.

  • Om setningane heng saman

    Korte setningar utan bindeord kan vere tyngre å følgje enn ei lengre setning som er godt bygd.

  • Om det viktigaste kjem først

    LIX blir det same om du flyttar svaret frå siste til første avsnitt. For lesaren er det ein stor skilnad.

  • Om teksten passar for lesaren

    Ein fagtekst til fagfolk kan ha høg LIX og fungere godt. Eit lågt tal gjer ikkje teksten klar dersom noko viktig manglar.

Frå LIX til klarspråk

Klarspråk i Nyno tek med dei same to måla som LIX, men tel òg tunge setningar, tunge ord og vendingar, substantivsjuke, passiv utan aktør og svært lange ord. Kvart funn blir merkt i teksten.

Teksten får eit tal frå 0 til 100, der høgare er klarare. Talet seier kor stor del av norske nettsider på same målform som er tyngre å lese.

Les om klarspråk i NynoSjå eit vedtaksbrev før og etter, med merka og talet frå Kontroller.

Spørsmål og svar om LIX

Les òg dei andre måla i tekstanalysen.

Kva er LIX?

LIX er ein lesbarheitsindeks frå Sverige. Han blir rekna ut frå kor lange setningane er, og kor stor del av orda som har meir enn seks bokstavar. Lågare tal er lettare å lese.

Kva er ein god LIX-verdi?

Det kjem an på kven som skal lese. Under 30 er svært lett, 30 til 39 lett, 40 til 49 middels, 50 til 59 tung og 60 eller meir svært tung. Ein tekst til eit breitt publikum tener som regel på eit lågare tal enn ein fagtekst.

Korleis reknar ein ut LIX?

Del talet på ord på talet på setningar. Rekn så ut kor mange prosent av orda som har meir enn seks bokstavar. LIX er summen av dei to tala.

Blir teksten min lagra eller send nokon stad?

Nei. Kalkulatoren tel i nettlesaren din. Teksten blir ikkje send til Nyno eller nokon annan, og han blir ikkje lagra.

Kvifor får eg eit anna tal i eit anna verktøy?

Verktøya har ulike reglar for kva som er eit ord og kvar ei setning sluttar, til dømes ved forkortingar, tal og linjeskift. Denne kalkulatoren tel som Nyno, så du får same LIX her som i Nyno for Chrome.

Fungerer det på nynorsk og bokmål?

Ja. LIX tel berre lengder, så han fungerer på begge målformene og på andre språk med same alfabet. Tala er ikkje direkte samanliknbare mellom språk.

Les personvernerklæringa