Om oss
- Home
- Om | Nynodata support
Om Nynodata
Nynodata AS har meir enn 20 års erfaring med utvikling av ulike produkt for sambruk av bokmål og nynorsk i det norske samfunnet. Med våre verktøy kan du enkelt publisere meir tekst på nynorsk og søke etter relevant informasjon på tvers av språka.
Vårt mål er at nynorsk skal bli eit levande og oppdatert bruksspråk i alle samanhengar. Vi legg derfor vekt på at den enkelte organisasjon eller brukar kan tilpasse språket til føremålet med teksten, anten det gjeld geografiske omsyn, personlege preferansar eller «husnormer». Eit system for stilkontroll gir høve til slik tilpassing.
Basisressursane våre er godkjende av Språkrådet og ordtilfanget blir heile tida oppdatert med dei siste rettskrivingsendringane. I tillegg til eigenutvikla ressursar bruker vi opent tilgjengelege ressursar og open kjeldekode.
I offentleg sektor er produkta våre sentrale i oppfylling av språklova, som tidssparande og kvalitetsforbetrande hjelpemiddel i ein travel kvardag. Kundemassen varierer frå små kontor med ei handfull tilsette, til store departement, universitet og etatar.
Klart for levering
Nyno 4.x
Nyno® 4.x er Nynodatas system for omsetting av tekst frå bokmål til nynorsk. Nyno har lang tradisjon som eit populært hjelpemiddel i offentleg og privat sektor og ligg no føre i ny versjon, Nyno 4. Du kan bruke det integrert i Microsoft Office, i Chrome og som utviding til CMS-system. Nyno 4.x inkluderer stilkontroll, der du kan velje mellom moderat, radikal eller konservativ stil. Du kan også velje ulike regionale malar tilpassa talemålet i regionen. Stilkontrollen inkluderer mest alle valfrie ord- og bøyingsformer innafor nynorsk rettskriving.
Norsøk
Norsøk er ei teneste som søker parallelt i bokmål- og nynorsktekstar ut frå eit felles søkeuttrykk. Norsøk er særleg aktuelt på heimesider eller intranett med einspråkleg versjon av tekstane. Søkestreng på bokmål finn både bokmål- og nynorsktekstar. Det same gjer eit søk med berre nynorskord. Norsøk kan integrerast med dei fleste søkemotorane.
I arbeid
Stilkorrektur
Sjølvstendig produkt for stavekontroll og stilkorrektur kopla opp mot ulike system. Versjon for både bokmål og nynorsk. Korrigerer tekst til felles språkleg stil gjennom bruk av stilmal.
Stilmaleditor
Lag din eigen personlege mal eller "husnorm" for språkleg stil. Du kan velje mellom alle valfrie ord- og bøyingsformer former innafor norsk rettskriving, bokmål og nynorsk. Meir enn 25 % av alle orda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka har valfrie former. Desse har vi delt inn i logiske stilkategoriar, som du kan sette saman til komplette stilmalar. Editoren kan koplast til ulike program levert av Nynodata.