Skriveverkstad i Nyno på nett
Skriv og rett i eitt – skriveprogram for nynorsk og bokmål
Skriv teksten, opne Word-fila eller lim inn. Nyno merkjer det som bør rettast, i teksten, og du vel sjølv kva du vil endre.
Kontroller i Nyno på nett har fått ei ny skriveflate. Du kan skrive med overskrifter, lister og tabellar, og lagre som Word, OpenDocument eller PDF når du er ferdig.
Eit skriveprogram med rettskriving innebygd
Du treng ikkje kopiere teksten fram og tilbake mellom Word og eit rettskrivingsprogram. I Kontroller skriv, opnar, rettar og lagrar du på same stad.
Ein skikkeleg skriveflate
Overskrifter, feit og kursiv skrift, punktlister, nummererte lister, lenkjer og tabellar. Limer du inn tekst med overskrifter, lister og tabellar, blir dei med.
Opne filene du har
Opne Word (.docx), OpenDocument (.odt), PDF, Markdown og rein tekst. Frå ein PDF blir berre teksten henta, ikkje oppsettet.
Lagre som du vil
Lagre teksten som Word, OpenDocument, PDF, Markdown eller rein tekst. Du kan òg kopiere med eller utan formatering.
Start frå ein mal
«Ny frå mal» hentar ein godkjend mal frå Malbiblioteket til verksemda, eller gir deg ein tom tekst.
Dette merkjer Nyno i teksten
Kvar type funn har sin eigen farge, og forklaringa ved teksten seier kva fargane tyder. Vel stilmalen til verksemda, så blir husnorma sjekka òg.
Du kan òg velje teksttype, til dømes nettside eller sosiale medium. Då gjeld dei reglane stilmalen har for akkurat den kanalen.
Les om tala i tekstanalysenRettskriving og målform
Feil etter ordlista og reglane, og bokmålsord i ein nynorsktekst eller omvendt.
Stilmalen til verksemda
Rett norsk, men ikkje den forma de har valt. Til dømes «skule» når husnorma seier «skole».
Klarspråk
Tunge og lange setningar, og ord som er sjeldne i norske bøker.
KI-preg
Fraser og vanar som er vanlege i tekst ein språkmodell har skrive. Nyno seier korleis teksten les seg, aldri kven som skreiv han.
Du bestemmer kva som blir retta
Nyno endrar aldri teksten av seg sjølv. Du ser kvart funn og vel kva du vil gjere med det.
Trykk på eit merkt ord
Du ser forklaringa og forslaget. «Bruk» set inn forslaget, «Hopp over» lèt teksten stå.
Bruk alle trygge rettingar
Rettingar Nyno er sikker på, kan du bruke på ein gong. Det som er merkt «sjå over», må du alltid avgjere sjølv.
Angre og gjer om
Historikken viser kva du har retta. Du kan angre og gjere om utan at formateringa forsvinn.
Skriv nye tekstar i stilen til verksemda
I Nyno på nett finst òg Skriv. Der får du hjelp til nye tekstar, som brev, nettsaker og innlegg til sosiale medium, i stilen og på målforma til verksemda. Skriv blir no flytta over på den same skriveflata.
Les om stilmalarSkriv du andre stader?
Same kontroll finst i Nyno for Chrome, som merkjer funna medan du skriv på nettet, og i Nyno for Windows og Mac.
Spørsmål og svar om skriveflata
Har du andre spørsmål, spør oss.
Er dette eit tekstbehandlingsprogram?
Det er ei skriveflate i nettlesaren med det du treng for vanlege tekstar: Overskrifter, lister, lenkjer og tabellar. Bilete, kommentarar, sporingsendringar, topp- og botntekst blir ikkje tekne med frå Word. Til slike dokument brukar du Word saman med Nyno 4 for Office.
Kva er skilnaden på eit skriveprogram og eit rettskrivingsprogram?
Eit rettskrivingsprogram finn feil i ein tekst du alt har skrive. Her skriv og rettar du på same stad, og Kontroller ser òg etter målform, husnorm, klarspråk og KI-preg.
Fungerer det på både nynorsk og bokmål?
Ja. Du vel målform, og Nyno seier frå om teksten ser ut til å vere skriven på den andre målforma.
Lagrar Nyno teksten min?
Nei. Teksten blir send kryptert til Nyno medan han blir kontrollert, men blir ikkje lagra. Når du lagrar, blir fila lasta ned til maskina di.
Kor lange tekstar kan eg kontrollere?
Opptil 50 000 teikn om gongen. Filer du opnar, kan vere opptil 25 MB.
Kan eg bruke tastaturet?
Ja. Alt+Enter opnar forslaget når markøren står i eit merkt ord, og piltastane flyttar mellom funna i lista.
Kva kostar det?
Du kan opprette ein gratis konto og prøve Kontroller. Kva som er med i dei ulike planane, og prisar for verksemder, får du vite hos oss.
Skriv og rett på same stad
Opprett ein gratis konto og opne ein tekst du held på med i Kontroller.