Ser teksten din ut som han er skriven av KI?

Nyno kan ikkje sjå kven som skreiv teksten din. Men Nyno kan vise kva som får teksten til å lese som KI, kvar det står, og korleis du kan skrive det annleis.

Du får eit tal for KI-preg frå 0 til 100 og dei stadene i teksten som trekkjer opp. Kvart funn har ei kort forklaring, og nokre har eit forslag. Kontrollen byggjer på Nyno sine eigne ordlister og ein eigen modell, utan språkmodell.

Ei nyheitssak frå ein kommune med fiolett prikka strek under fraser som «I eit stadig meir digitalt», og KI-preg i Nyno-panelet med signal og funn.
KI-preg i Nyno for Chrome. Fiolette prikkar merker trekka i teksten, og panelet forklarer kvart funn. Kommunen er oppdikta.

Kvifor gissar ikkje Nyno på kven som skreiv teksten?

Verktøy som lovar å avsløre om ein tekst er skriven av KI, er ikkje til å stole på. Dei tek feil i begge retningar, og dei kan merke tekstar som folk har skrive sjølv. Ein redigert KI-tekst slepp ofte gjennom.

Nyno svarar på eit anna spørsmål: Kva i teksten får han til å lese som maskinskriven? Det kan du gjere noko med. Svaret er det same anten du skreiv sjølv, fekk hjelp av ein kollega eller starta med eit utkast frå ein KI-assistent.

  • Eit tal på Nyno sin eigen skala

    KI-preg går frå 0 til 100. Under 25 er lågt, frå 25 er middels og frå 55 er høgt. Talet er ikkje ein prosent og ikkje ein sjanse for at KI skreiv teksten.

  • Merkte stader i teksten

    Du ser kva ord og vendingar som trekkjer opp, med ei kort forklaring til kvart funn.

  • Same svar kvar gong

    Kontrollen byggjer på ordlister, reglar og ein modell trena på norske tekstar. Same tekst gir same tal.

Eit døme før og etter

Her er ei nyheitssak frå ein oppdikta kommune, skriven slik språkmodellar ofte skriv. Vi køyrde ho gjennom KI-preg i Nyno, skreiv ho om etter funna og køyrde ho på nytt. Tala under kjem frå den same motoren som Nyno brukar i Kontroller og i Chrome.

Før

100100 av 100 Nivå høgt

I eit stadig meir digitaltEi innleiing som seier lite. Kva er det konkret som har endra seg? samfunn lanserer Lauvdal kommune no ei ny teneste for byggjesøknader. Løysinga er ikkje berre rask, men også«Ikkje berre … men også» er ein av dei vanlegaste KI-konstruksjonane. Sei begge delar rett fram. trygg for alle som brukar ho, og overgangen frå papir til skjerm blir sømlausEit typisk KI-ord. Kva betyr det her: Rask, utan avbrot, utan ekstra steg?. Du kan søkje, sende vedlegg og følgje saka på éin stad. Tenesta spelar ei viktig rolle«Spelar ei viktig rolle» er ein omveg. Sei kva det gjer. i arbeidet med å gi innbyggjarar, næringsliv og tilsette betre oversikt. Anten du er privatperson eller«Anten du er … eller …» er ei vanleg KI-vending. Kven skriv du til? utbyggjar, får du no svar raskare enn før. Det interessante er atEi omsett KI-vending («the interesting thing is»). Sei saka direkte. du kan følgje søknaden heile vegen —Lang tankestrek (—) er engelsk skikk og vanleg i KI-tekst. På norsk brukar ein kort strek (–). frå du sender han til vedtaket ligg føre. Kommunen håpar at mange vil ta tenesta i bruk.

Fiolette prikkar merker KI-preg. Peik på ei merkt frase eller gå til ho med tabulatortasten for å lese forklaringa.

Sju funn i teksten

  • Fast fraseI eit stadig meir digitalt

    Ei innleiing som seier lite. Kva er det konkret som har endra seg?

  • Fast konstruksjonikkje berre rask, men også

    «Ikkje berre … men også» er ein av dei vanlegaste KI-konstruksjonane. Sei begge delar rett fram.

  • Hypeordsømlaus

    Eit typisk KI-ord. Kva betyr det her: Rask, utan avbrot, utan ekstra steg?

  • Fast frasespelar ei viktig rolle

    «Spelar ei viktig rolle» er ein omveg. Sei kva det gjer.

  • Fast konstruksjonAnten du er privatperson eller

    «Anten du er … eller …» er ei vanleg KI-vending. Kven skriv du til?

  • Fast fraseDet interessante er at

    Ei omsett KI-vending («the interesting thing is»). Sei saka direkte.

  • Lang tankestrek—

    Lang tankestrek (—) er engelsk skikk og vanleg i KI-tekst. På norsk brukar ein kort strek (–).

    Forslag: «–»

Etter

2123 av 100 Nivå lågt

Lauvdal kommune har opna ei ny digital teneste for byggjesøknader. Der søkjer du, sender vedlegg og følgjer saka di på éin stad. Du slepp å skrive ut skjema. Tenesta er rask å bruke, og opplysningane dine er trygge. Innbyggjarar, næringsliv og tilsette i kommunen ser kvar kvar sak står i køen, og kva som manglar før ho kan handsamast. Skal du byggje ein garasje, eller er du utbyggjar med eit heilt bustadfelt, får du svar raskare enn før. Du kan følgje søknaden heile vegen, frå du sender han til vedtaket ligg føre. Kommunen håpar at mange vil ta tenesta i bruk.

Same innhald, skrive om etter funna. Ingen fraser er merkte lenger.

Kva som endra seg
SignalFørEtter
Faste fraser og hypeord 4Ingen
Faste konstruksjonar og tregrupper 2Ingen
Lang tankestrek 1Ingen
Variasjon i setningslengd 26 %25 %38 %
Ordvariasjon 91 %84 %85 %
Jamn forutsigbarheit 1,1 bit0,9 bit1,0 bit

Tekstar skrivne av menneske har i snitt 54 % variasjon i setningslengd, 80 % ordvariasjon og 1,3 bit forutsigbarheit. Modellen vektar alle signala saman, så eitt mål kan gå litt feil veg utan at talet gjer det.

Begge versjonane har over 100 ord. Då set modellen talet. Kortare tekstar blir målte med reglane åleine.

Dette ser Nyno etter

Kvart trekk er vanleg i tekst frå språkmodellar. Folk skriv òg slik, så eitt funn betyr lite åleine. Det er mengda som gir talet.

  • Faste fraser og hypeord

    Opningar og vendingar som seier lite, som «i eit stadig meir digitalt samfunn» og «spelar ei viktig rolle», og ord som «sømlaus», «skreddarsydd» og «banebrytande».

  • Faste konstruksjonar

    Mønster som språkmodellar likar, som «alt frå … til …», «anten du er … eller …» og «det interessante er at». Ei setning som sluttar med kva noko ikkje er, tel òg, og det same gjer etikettar som «Viktig:» først i setninga.

  • Tregrupper

    Tre eigenskapar på rad, som «raske, trygge og enkle». Éi slik gruppe går fint. Frå den andre blir dei eit mønster.

  • Like opningar og jamn rytme

    Tre setningar på rad som startar med same ord, eller setningar som er nesten like lange heile vegen.

  • Lang tankestrek

    Den lange streken (—) er engelsk skikk. På norsk brukar vi kort strek (–).

  • Ordvariasjon og forutsigbarheit

    Kor variert ordvalet er, og kor venta orda er, målt mot norske bøker. Nyno viser talet for teksten ved sida av snittet for tekstar skrivne av menneske.

Les meir om tala i tekstanalysenKorleis talet blir sett, kva KI-preg ikkje er, og LIX, tunge setningar og dei andre måla.

Medan du skriv

Skrivehjelp i Nyno for Chrome kontrollerer tekstfeltet du skriv i, til dømes på LinkedIn, i e-post på nettet eller i publiseringsverktøyet. KI-preg får fiolette prikkar under seg.

Klikk på det merkte for å lese forklaringa. Finst det eit forslag, set «Bruk» det inn. «Ignorer» lèt teksten stå. Nyno endrar aldri noko før du vel det.

Les om Nyno for Chrome
Brødteksten i eit publiseringsverktøy. «Det er viktig å merke seg at» har fiolett prikka strek under, og resten av setninga har gul bølgjestrek.
Skrivehjelp merker «Det er viktig å merke seg at» med fiolette prikkar for KI-preg. Den gule bølgja viser at resten av setninga er tung. Utsnitt av Skrivehjelp i ein CMS.

Kvar du kan sjekke KI-preg

Kontrollen er den same overalt. Vel det som passar der du skriv.

Nyno for Chrome

Analyser gir KI-preg for nettsida du les eller ein tekst du limer inn, og «Vis» finn kvart funn på sida. Skrivehjelp merker KI-preg medan du skriv.

Nyno på nett

Lim inn teksten i Kontroller. Du får rettskriving og målform, og eit eige kort for KI-preg med tal, signal og merkte fraser.

KI-assistenten med Nyno MCP

Be ChatGPT, Claude eller Microsoft 365 Copilot sjekke teksten med Nyno. Verktøyet check_text sender funna for KI-preg tilbake i samtalen.

Spørsmål og svar om KI-preg

Les òg kva KI-preg ikkje er, eller spør oss.

Kan Nyno sjå om teksten er skriven av KI?

Nei. Ingen kan sjå sikkert på ein tekst om han er skriven av KI, og Nyno prøver ikkje. KI-preg seier kor mykje teksten ber trekk som er vanlege i maskinskriven tekst, og kvar dei står. Bruk det til å gjere teksten betre. Det er ikkje eit bevis mot nokon.

Kvifor får min eigen tekst KI-preg?

Fordi folk skriv slik òg. Faste fraser, hypeord og tregrupper finst i mykje marknadsføring og mange rapportar, og språkmodellane har lært dei derifrå. Funna viser kva Nyno reagerte på. Du avgjer sjølv om du vil seie det enklare.

Korleis får eg teksten til å høyrast mindre ut som KI?

Start med saka i staden for ei innleiing. Byt ut hypeord med eit døme eller eit tal. Sei det du meiner rett fram, og la setningane vere ulike lange. Les teksten høgt. Det du aldri ville sagt sjølv, kan du som regel stryke eller seie enklare.

Er det feil å bruke KI til å skrive?

Nei. Mange brukar KI til eit første utkast, og det er heilt i orden. Det viktige er at teksten stemmer, passar for lesaren og høyrest ut som avsendaren. Skulen eller arbeidsplassen din kan ha eigne reglar for bruk av KI.

Kan eg bruke dette på bokmål og nynorsk?

Ja. KI-preg fungerer på begge målformene, med eigne ordlister for kvar av dei. Modellen som set talet, er trena på norske tekstar på bokmål og nynorsk.

Lagrar Nyno teksten min?

Nei. Nyno lagrar ikkje teksten du kontrollerer. Vi registrerer at ein kontroll vart gjord, når, for kven og kor stor han var, til dømes talet på teikn og funn. Teksten blir send kryptert til Nyno medan han blir kontrollert.

Kva kostar det?

Du kan sjekke KI-preg gratis. Med ein gratis konto får du Kontroller og KI-preg med merkte fraser for tekstar på opptil 1 000 ord, ti tekstar per dag. Skrivehjelp i Chrome og lengre tekstar krev ein betalt plan.

Prøv på ein tekst du har skrive

Lim inn teksten i Nyno på nett, eller legg til Nyno i Chrome og få KI-preg merkt der du skriv.

Les personvernerklæringa