Installasjon Nyno

  1. Home
  2. Installasjon | Nynodata support
  3. Nyno | Nynodata support

Installasjon Nyno

Nyno 3.x krev Windows 7 eller høgare. Det kan installerast på frittståande PC-ar eller på PC-ar i nettverk. Når du abonnerer eller kjøper programmet, får du eit lisensnummer eller lisensfil og godkjent lisenstal. Programmet blir lisensiert med éin lisens per brukar.

Programfilene er felles for einbrukar og nettverk, men installasjonsprosedyrane er ulike.

Du treng gyldig lisens for å kunne bruke Nyno på eigne tekstar.

Utan lisens kan du installere programmet og køyre det i demo-modus med ein standardtekst. Med demoen kan du sjå viktig funksjonalitet og korleis programmet arbeider, men ikkje bruke det til omsetting av eigen tekst. Nyno i demo-modus kan ikkje koplast til Word.

Ulike installasjonsmåtar