Dette treng du
Codex CLI installert. Nøkkelen må vere tilgjengeleg i miljøet som startar Codex. Start appen frå dette miljøet dersom du bruker skrivebordsappen.
Opprett ein API-nøkkel i Nyno med Lese og Skrive. Skrive gir tilgang til omsetjing; Admin er ikkje nødvendig.
Tilkoplinga til Nyno
https://appapi.nynodata.no/mcp Slik set du opp
Gjer nøkkelen tilgjengeleg
Set NYNO_API_KEY i miljøet som startar Codex. PowerShell-eksempelet under les nøkkelen med skjult inntasting og gjeld den opne terminalen.
Registrer MCP-serveren
Køyr registreringskommandoen under. Han lagrar serveradressa og namnet på miljøvariabelen, ikkje API-nøkkelen i sjølve kommandoen.
Kontroller tilkoplinga
Køyr codex mcp list. Start ei ny Codex-økt i same miljø og opne /mcp. Be om ei omsetjing med Nyno.
Oppsett i terminalen
Windows PowerShell
Les inn nøkkelen i den opne terminalen. Miljøvariabelen må setjast på nytt i ein ny terminal, eller gjerast tilgjengeleg gjennom det lokale nøkkeloppsettet dykkar.
$nynoKey = Read-Host 'Nyno API key' -AsSecureString
$env:NYNO_API_KEY = [System.Net.NetworkCredential]::new('', $nynoKey).Password Registrer i Codex
codex mcp add nyno --url https://appapi.nynodata.no/mcp --bearer-token-env-var NYNO_API_KEY På macOS og Linux bruker du den same registreringskommandoen etter at NYNO_API_KEY er sett i miljøet.
Kontroller at Nyno blir brukt
Prøv førespurnaden under. Sjå etter verktøykallet translate_nynorsk. Ved fleire verksemder kan assistenten bruke companies_mine for å finne rett organizationId.
Bruk Nyno til å omsetje denne teksten til nynorsk: «Vi ønsker å gjøre informasjonen tilgjengelig for alle innbyggerne.»