Omsetjing mellom bokmål og nynorsk
Nettsider, rapportar, brev og andre tekstar. Vi tek omsyn til bodskapen, faguttrykka og dei som skal lese teksten.
Omsetjing og språkvask for verksemder som vil nå fram med eit klart og konsekvent språk.
Frå bokmål til nynorsk, frå tungt fagspråk til ein tekst som er lettare å lese. Vi hjelper dykk med tekstane som skal ut til kundar, innbyggjarar og kollegaer.
Du vil motta informasjon vedrørende behandlingen av din søknad.
Du får informasjon om korleis vi behandlar søknaden din.
Same bodskap. Lettare å lese.
De vel kva de treng hjelp til. Vi avtaler omfang, målform og språkleg stil før arbeidet startar.
Nettsider, rapportar, brev og andre tekstar. Vi tek omsyn til bodskapen, faguttrykka og dei som skal lese teksten.
Få hjelp med rettskriving, setningsbygging og samanheng. Vi kan òg gå gjennom KI-genererte utkast og gjere språket klarare.
Vi hjelper dykk å samle ordval, skrivemåtar og terminologi. Eit felles utgangspunkt gjer det lettare å skrive konsekvent på tvers av avdelingar.
Les om Nyno språkmalerEit enkelt samarbeid, med ei tydeleg bestilling.
Kva skal de bruke han til, kven skal lese han, og når treng de han? Nemn gjerne omfang, målform og eventuell husnorm.
De får eit tilbod med pris, omfang og frist. Vi avklarer korleis teksten og eventuelle vedlegg skal delast.
De får ein gjennomarbeidd tekst til vidare gjennomgang og publisering i eigne kanalar.
Fortel oss litt om oppdraget. Så finn vi ut kva slags språkhjelp som passar.