Dette treng du
Tilgang til å opprette eller endre ein agent i Copilot Studio, og løyve til å bruke eksterne tilkoplingar i miljøet.
Opprett ein API-nøkkel i Nyno med Lese og Skrive. Skrive gir tilgang til omsetjing; Admin er ikkje nødvendig.
Tilkoplinga til Nyno
https://appapi.nynodata.no/mcp - Type
- Streamable HTTP
- Felt for nøkkel
x-api-key- Verdi
- API-nøkkelen din, utan Bearer framfor.
Slik set du opp
Opne agenten
Gå til Tools → Add a tool → New tool → Model Context Protocol i Copilot Studio. Denne framgangsmåten gjeld MCP-rettleiaren for standardagentar.
Beskriv Nyno
Bruk namnet Nyno og serveradressa på denne sida. Beskriv verktøyet som omsetjing frå bokmål til nynorsk, slik at agenten veit når det skal brukast.
Vel API key og Header
Vel API key som innloggingstype og Header som plassering. Skriv x-api-key som feltnamn. Når du opprettar tilkoplinga, legg du inn sjølve Nyno-nøkkelen utan Bearer framfor.
Test og gjer agenten tilgjengeleg
Vel Create a new connection og Add to agent. Test omsetjing i agenten. IT-ansvarleg avklarer publisering, deling og tilgang i Microsoft 365 Copilot.
Kontroller at Nyno blir brukt
Prøv førespurnaden under. Sjå etter verktøykallet translate_nynorsk. Ved fleire verksemder kan assistenten bruke companies_mine for å finne rett organizationId.
Bruk Nyno til å omsetje denne teksten til nynorsk: «Vi ønsker å gjøre informasjonen tilgjengelig for alle innbyggerne.»