Meny
Med API-nøkkel

Kople Nyno til Claude

Legg til Nyno som ein eigen connector med ein API-nøkkel. I eit Team- eller Enterprise-arbeidsområde må eigaren først leggje til tilkoplinga.

Dette treng du

Tilgang til eigne connectors i Claude. For felles arbeidsområde treng du hjelp frå eigaren eller IT-ansvarleg.

Opprett ein API-nøkkel i Nyno med Lese og Skrive. Skrive gir tilgang til omsetjing; Admin er ikkje nødvendig.

Tilkoplinga til Nyno

Kopier serveradresse
https://appapi.nynodata.no/mcp

Type
Streamable HTTP
Felt for nøkkel
Authorization
Verdi
Bearer, eit mellomrom og API-nøkkelen din.

Slik set du opp

  1. Opne connectors

    Gå til Customize → Connectors. I eit felles arbeidsområde startar eigaren i Organization settings → Connectors.

  2. Legg til Nyno

    Vel Add custom connector. For arbeidsområde vel eigaren Add → Custom → Web. Kall tilkoplinga Nyno, legg inn serveradressa på denne sida og vel Continue.

  3. Legg inn API-nøkkelen

    For dagens Nyno-oppsett vel du No sign in under Authentication. Under Request headers legg du til Authorization, med verdien Bearer etterfølgd av eit mellomrom og API-nøkkelen din. Nøkkelen blir framleis kontrollert av Nyno.

  4. Aktiver i samtalen

    Fullfør med Add. Aktiver Nyno via Connectors i samtalen. Be om ei omsetjing og kontroller at Claude faktisk bruker Nyno-verktøyet.

Bruker du Claude Code?

Køyr kommandoen i terminalen. Byt ut LIM_INN_API_NOKKELEN med nøkkelen din. Opne deretter /mcp i Claude Code for å kontrollere tilkoplinga.

Kopier Claude Code-oppsett
claude mcp add --transport http nyno https://appapi.nynodata.no/mcp --header "Authorization: Bearer LIM_INN_API_NOKKELEN"

Claude Code: oppsett av MCP

Kontroller at Nyno blir brukt

Prøv førespurnaden under. Sjå etter verktøykallet translate_nynorsk. Ved fleire verksemder kan assistenten bruke companies_mine for å finne rett organizationId.

Kopier testførespurnad
Bruk Nyno til å omsetje denne teksten til nynorsk: «Vi ønsker å gjøre informasjonen tilgjengelig for alle innbyggerne.»

Vidare hjelp

Claude: eigne MCP-tilkoplingarTilgang og API-nøkkelKontakt Nynodata
Les personvernerklæringa