Kom i gang med Nyno for Chrome
Denne rettleiinga viser korleis du set opp og aktiverer Nyno-utvidinga. Følg desse stega for å integrere profesjonell norsk omsetting i nettlesaren din.
Fire steg for å kome i gang
Steg 1 – Systemkrav
Sørg for at du har ein oppdatert versjon av Google Chrome på Windows, macOS eller Linux. Utvidinga krev ei aktiv Internett-tilkopling og ein gyldig brukarkonto for Nynodata.
Steg 2 – Installer utvidinga
• Gå til Chrome Web Store og søk etter "Nyno".
• Klikk på "Legg til i Chrome" for å starte installasjonen.
Steg 3 – Logg inn og aktiver
Når installasjonen er fullført, klikkar du på Nyno-ikonet i verktøylinja.
Logg inn med Nynodata-kontoen din for å kople til lisensen din. Om du ikkje har ein konto, ta kontakt med Nynodata for å bestille.
Steg 4 – Start omsettinga
Utvidinga er no klar. Gå til ei nettside, marker tekst, høgreklikk og vel "Omsett med Nyno" for å starte.
Systemkrav og lisens
|
Krav |
Minimum |
Anbefalt |
|
Nettlesar |
Google Chrome 80+ |
Siste stabile versjon av Chrome |
|
Operativsystem |
Windows 10, macOS 10.15, nyare Linux-distro |
Siste versjon av OS |
|
Internett |
Nødvendig for omsetting |
Stabil og rask tilkopling |
|
Lisens |
Nynodata-konto |
Aktivt Nyno-abonnement |