Om oss

  1. Home
  2. Om | Nynodata support

Om Nynodata

Nynodata AS har meir enn 20 års erfaring med utvikling av ulike produkt for sambruk av bokmål og nynorsk i det norske samfunnet. Med våre verktøy kan du enkelt publisere meir tekst på nynorsk og søke etter relevant informasjon på tvers av språka.

Vårt mål er at nynorsk skal bli eit levande og oppdatert bruksspråk i alle samanhengar. Vi legg derfor vekt på at den enkelte organisasjon eller brukar kan tilpasse språket til føremålet med teksten, anten det gjeld geografiske omsyn, personlege preferansar eller «husnormer». Eit system for stilkontroll gir høve til slik tilpassing.

Basisressursane våre er godkjende av Språkrådet og ordtilfanget blir heile tida oppdatert med dei siste rettskrivingsendringane. I tillegg til eigenutvikla ressursar bruker vi opent tilgjengelege ressursar og open kjeldekode.

I offentleg sektor er produkta våre sentrale i oppfylling av språklova, som tidssparande og kvalitetsforbetrande hjelpemiddel i ein travel kvardag. Kundemassen varierer frå små kontor med ei handfull tilsette, til store departement, universitet og etatar.

Klart for levering

Norsøk

Norsøk er ei teneste som søker parallelt i bokmål- og nynorsktekstar ut frå eit felles søkeuttrykk. Norsøk er særleg aktuelt på heimesider eller intranett med einspråkleg versjon av tekstane. Søkestreng på bokmål finn både bokmål- og nynorsktekstar. Det same gjer eit søk med berre nynorskord. Norsøk kan integrerast med dei fleste søkemotorane.

I arbeid