Norsøk

Eit sentralt problem i den teknologien som ligg bak søkemotorane, er at dei søker på stikkord utan å ta omsyn til skrivemåte eller tema. Derfor finn dei ofte ikkje sentral informasjon.

Nynodata har utvikla eit parallellsøk og synoymsøk på bokmål og nynorsk. Systemet kan integrerast med dei aller fleste sider som har tekstsøk, anten det gjeld Internett, intranett eller annan type elektronisk informasjonssøk.

Norsøk kan brukast som
  • direktesøk: relevante tilleggsord blir automatisk integrert i søket for betre resultat.
  • assosiasjonssøk: tilleggsorda blir vist på resultatsida som forslag til meir effektivt søkeuttrykk.
  • kombinasjonssøk: nære synonym blir automatisk integrert i søket (f.eks. utdannelse/utdanning). Generelle synonym blir vist som forslag til tilleggsord.
Illustrasjon

Meir

Problemet

Dei fleste søkemotorane viser berre treff der søkeorda ligg i tekst eller metadata, og dei finn derfor ikkje tekstar som handlar om same tema. Søker du etter utdannelse og teksten bruker utdanning, finn du han ikkje. Du finn heller ikkje tekstar på nynorsk når du skriv inn eit reint bokmålsord, eller tekstar på bokmål når du søker med berre nynorsk.

Løysinga

Nynodata sitt søkesystem omarbeider søkeuttrykket på ulike måtar før det blir sendt inn til søkemotoren. Vi utvidar søket med aktuelle tilleggsord, slik at det blir eit synonymsøk og eit parallellsøk på bokmål og nynorsk. Du kan søke med:

  • Omsetting. Vi har med omsetting mellom bokmål og nynorsk, begge vegar. I resultatet kjem det opp dokument der anten bokmålsforma eller nynorskforma finst.
  • Nære synonym. Dette er ord som praktisk talt er identiske, men på grunn av dei mange valfrie formene på norsk, blir dei skrivne ulikt. Eksempel er boksmålsordet høyskole, som gir synonymet høgskole. Søk med nynorsk ansikt gir også tekstar med andlet.
  • Generelle synonym. Dette er ord som i visse samanhengar har same tematiske innhald som søkeordet, men som ikkje alltid tyder det same. Desse tilleggsorda kan auke treffmengda vesentleg. For å hindre overgenerering kjem generelle synonym opp først når resultatet blir vist, som hjelp til å omarbeide søket.
  • Bøying. Vi finn også tekstar der det er brukt andre bøyingsformer av søkeordet.

Aktuelle bruksområde

Norsøk endrar søkeomgrepet før det blir sendt inn til søkemotoren. Derfor kan det i prinsippet brukast på alle nettsider med søkefelt. Systemet blir kopla til den søkemotoren som alt er tilgjengeleg på sida.

Tekstsøk på heimesider. Norsøk kan brukast til søk på Internett eller i intranettet og enkelt integrerast på dagens sider. Det kan liggje på lokal server eller på Nynodata sin server.

Søkemotorar kan ta i bruk Norsøk som ein tilleggsressurs og inkludere det når dei indekserer sidene.

Generelt tekstsøk. Norsøk kan også integrerast i annan type elektronisk informasjonssøk, som til dømes arkivsystem, informasjonsdatabasar eller vanleg dokumentsøk. Microsoft(R) Indexing Server er eit eksempel.

Funksjonsoversikt

Norsøk gjer det lettare å søke etter relevant informasjon i ei stadig veksande informasjonmengde. Målet er å finne stoff ut frå tema, i staden for avgrensa stikkord og fungerer som eit norsk temasøk.

Basis i systemet er mange ulike språkressursar. Vi har med over 140 000 oppslagsord med bøying på både bokmål og nynorsk og kopling mellom desse på tvers av målformene. Du kan bruke delar av ressursane eller alle. Dette kan web-ansvarleg eller du sjølv konfigurere.

Språkfunksjonar

Her er ei oppsummering av språkfunksjonar i Norsøk. Merk at ofte blir fleire av funksjonane kombinerte i det ferdige søkeuttrykket. Du kan konfigurere Norsøk som eittspråkleg synonymsøk eller som tospråkleg søk på tvers av bokmål og nynorsk. Kontroll på endingar eller stemming kan inkluderast i alle typar søk.

Funksjon

Forklaring

Søkjeuttrykk

Konvertert til

Bokmål til nynorsk

Omsetting

maktesløshet

maktesløshet OR maktesløyse

Nynorsk til bokmål

Omsetting

næringsveg

næringsveg OR næringsvei

Synonymsøk

Nære synonym

ansikt

ansikt OR andlet

 

Generelle synonym

anmelde

anmelde OR melde OR rapportere OR omtale OR kunngjøre

Stemming

Gir grunnforma av ordet

kjøreskolene

kjøreskole

Alternativ bøying

Alternative bøyingsformer

boken (bokmål)

boken OR boka

Bøying av grunnform

Alle bøyingsformer

hest (nynorsk)

hest OR hesten OR hestar OR hestane

Legg til grunnform

Tillegg ubøygd ord

røtter (bokmål)

røtter OR rot

Integrasjon

Du kan integrere Norsøk på ulike måtar. Du kan integrere Norsøk på heimesida di som web-form, ekstern web-teneste eller indeksering. Kva metode du vel, er avhengig av trafikkvolum, infrastruktur, og kor stor fleksibilitet og kontroll du vil ha. Vi gir deg nødvendig teknisk oppkoplingsinformasjon for alle alternativa. Teknisk oversikt finn du på http://dl.nynodata.no/res/sok/docs/index.html

Konvertering av søkeuttrykk

Vi har laga ein demo som viser hovudfunksjonane i Norsøk, www.oversett.no. Der ser du eksempel på korleis det kan fungere dersom du vil integrere Norsøk på di eiga heimeside. På demosida finn du også eksempel på korleis du kan konfigurere kva som skal inkluderast i søket.

I korte trekk skjer dette dersom sida di er kopla til Norsøk:
  • Når du tastar inn eit søkeuttrykk, blir dette sendt til Norsøk-serveren.
  • Søkeuttrykket blir utvida med alternative ord, avhengig av konfigurasjon. Det kan vere ord på den andre målforma, synonym eller bøyingsformer.
  • Søkeuttrykket blir sendt tilbake og søkefeltet blir oppdatert. Er søket implementert som direktesøk, skjer oppdateringa automatisk. Er det implementert som assosiasjonssøk, kjem orda opp som forslag til tilleggsord som kan inkluderast i søket.
  • Etter at søkeuttrykket er oppdatert, blir det på vanleg måte sendt til søkemotoren og du får resultatet tilbake.

Du kan integrere Norsøk på heimesida di som web-form, ekstern web-teneste eller indeksering. Kva metode du vel, er avhengig av trafikkvolum, infrastruktur, og kor stor fleksibilitet og kontroll du vil ha. Vi gir deg nødvendig teknisk oppkoplingsinformasjon for alle alternativa.

Konfigurering

Det er mogeleg å konfigurere Norsøk. Eksempel på konfigurasjon: søke med eller utan synonym, søke med eller utan omsetting, søke med eller utan alternativ bøying. Du kan også velje å søke berre på bokmål eller berre på nynorsk.

Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkeverktøy for bokmål og nynorsk. Gjennom mange års forsking og utvikling har vi jobba fram verktøy og språkressursar som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.