Som privatkunde kan du kjøpe Nynorobot og Ordrik gjennom nettbutikken. Der får du nødvendig lisens- og nedlastingsinformasjon og betaler kontant med kort. Du må ha tilgang til Internett når du installerer, slik at programmet kan bli aktivert og klargjort for bruk.
Som privatkunde har du angrerett utan vilkår i 14 dagar når du kjøper programvare frå Nynodata. Merk at når du har installert og aktivert programmet, misser du angreretten. Meir informasjon.
Produkta Nynorobot og Ordrik kan du bestille gjennom nettbutikk eller gjennom direkte kontakt med Nynodata. Kontakt også Nynodata for å kjøpe Nyno. Tenesta Norsøk krev tettare oppfølging i salsprosessen, og her må du ta kontakt med Nynodata eller underleverandør for tilbod.
Du kjem raskast i gang ved å gå til nettbutikken og kjøpe abonnement. Der får du nødvendig lisens- og nedlastingsinformasjon, betaler kontant med kort og får tilsendt faktura. Du kan også bestille direkte frå Nynodata.
Vi tilrår at du tek kontakt med Nynodata for å drøfte behov og løysingar. Gå inn på det produktet du er interessert i og vurder dei ulike variantane vi tilbyr. Vi sender deg gjerne eit spesifisert tilbod med pris.
Kontakt Nynodata for å drøfte behov og få tilbod på løysingar. Dei fleste kundar vil ha fleirårige abonnementsavtalar med tidsrabatt og kvantumsrabatt.
Når du bestiller abonnement på Nyno eller Nynorobot, får du ein tidsavgrensa bruksrett til produkta. Avtaleperiodar frå 1 til 2 år. Når avtaleperioden er over, kan abonnementet fornyast for ein ny periode, eller bruksretten fell bort. Abonnementet inkluderer oppgraderingar i avtaleperioden og hjelp til installasjon og programbruk etter nærare fastsette reglar.
Produkta blir installert i nettverket med ein teljar som registrerer brukarar av produktet. Kvar tilsett som tek produktet i bruk, utløyser 1 lisens.
Større organisasjonar vil ofte tene på å inngå totalbruksavtale (sitelisens), framfor å få lisens til utvalde personar. Ein slik avtale gir ei fleksibel løysing og lågare driftskostnader. Alle tilsette får tilgang til å bruke Nyno eller Nynorobot anten dei treng det mykje eller lite. Framfor alt sparer ein arbeidet med å kartlegge kven som har bruk for programmet og å gi nye brukarar tilgang.
I totalbruksavtalen reknar vi ut lisenstalet frå eit estimert samla bruksbehov i organisasjonen. Utgangspunktet for utrekninga er regelen om 25 % nynorsk i språklova:
Lisenstal = Samla tal på tilsette multiplisert med 25 %.
Det blir gitt normal kvantumsrabatt på lisenstalet. For tilsette over 500 blir det lågare bruksprosent, slik at ein kjem endå betre ut. Minste lisenstal for totalbruksavtale er 20 lisensar.
Du kan bestille Ordrik som årleg abonnement direkte frå Nynodata eller frå nettbutikk .
Abonnementet gir deg ein tidsavgrensa bruksrett til programmet. Avtaleperiodar frå 1 til 2 år. Når avtaleperioden er over, kan abonnementet fornyast for ein ny periode, eller bruksretten fell bort. Abonnementet inkluderer oppgraderingar i avtaleperioden og hjelp til installasjon og programbruk etter nærare fastsette reglar.
Du kan be om å få levert Norsøk hos din leverandør av CMS-system, arkivsystem eller publiseringstenester. Ta direkte kontakt med Nynodata dersom din leverandør ikkje kan levere produktet.