Ordrik - elektroniske ordbøker for betre norsk

Ordrik® - brukarvennleg, fleksibel, omfattande

Finn du ikkje det du treng i ordbøkene dine? Prøv Ordrik! Her får du mykje hjelp som du ikkje finn i andre ordbøker, og du får presentert informasjonen slik at han er lett å forstå. Du slepp å tenkje på om ordet er bokmål eller nynorsk eller prøve å finne tilbake til den ubøygde forma for å slå opp eit ord. Skriv berre inn ordet du er usikker på. Ordrik tolkar det og gir deg svar.

Desse ordbøkene får du i Ordrik:

Ordrik - bokmål til nynorsk

  • Du får nynorske alternativ til over 70 000 bokmålsord.
  • Du får bøying og ordforklaring til nynorskorda.

Ordrik - nynorsk

  • Du får alle bøyingsformer til over 100 000 nynorskord.
  • Du får ordforklaring og referanse til ord med same tyding.
  • Du får vite om ordet er lovleg på nynorsk.

Ordrik - nynorske synonym

  • Du får hjelp til å skrive eit godt og variert språk.
  • Du får bøying og ordforklaring til synonyma.

Ordrik - bokmål

  • Du får alle bøyingsformer til over 130 000 bokmålsord.
  • Du får ordforklaring og referanse til ord med same tyding.
    Du får vite om ordet er lovleg på bokmål.
Illustrasjon

Meir informasjon

Kva får du i Ordrik?

Ordbøkene i Ordrik har ei rad funksjonar som gir tilgang til ei mengd informasjon. Og med enkle museklikk kan du hente fram meir informasjon etter behov.

Dette gjer Ordrik:

  • viser nynorskord for bokmål.

  • slår opp bøygde former. Du treng ikkje lenger finne tilbake til den ubøygde forma for å slå opp.

  • viser alle bøyingsformer for ordet som fulle former, ikkje berre endingar.

  • viser ordforklaringar.

  • viser nære synonym. Dette er ord som har identisk tyding, men som har alternative skrivemåtar, for eksempel utdannelse/utdanning på bokmål og høgskole/høgskule på nynorsk.

  • har stavekontroll med forslag til korrekte søkeord.

  • har brukarstyrde innstillingar for informasjonmengde og vising.

  • viser hjelpetekstar og grammatikk.

Fordelar med Ordrik

Samanlikna med trykte ordlister har Ordrik mange fordelar. I dei trykte utgåvene er det viktig å presse mest mogleg informasjon saman på liten plass. I Ordrik blir informasjonen vist fullt ut og gir betre oversikt. Det går også mykje raskare å slå opp i Ordrik.

 

Trykte ordbøker

Ordrik

1

Må bla i lista og leite etter ordet.

Kan søke opp ordet direkte.

2

Viser berre endingar: kjenne -r, -nde/ -nte, -nt.

Viser fulle former: kjenne - kjenner -kjende/kjente - kjent.

3

Referansar til andre ord i ordlista.

Lenker hentar opp referansar automatisk utan ekstra søk.

4

Manglar hjelpetekst for bøying.

Har hjelpetekst, f.eks:
presens: i dag går (eg)
preteritum: i går gjekk (eg)

5

Avgrensa mengde bøyingsformer.

Viser alle bøyingsformene, gruppert på ulike nivå.

6

Fast mengde informasjon blir vist.

Brukarstyrde innstillingar av informasjonsmengde.

7

Manglar bøying ved samansette ord, eks: sommarhus.

Viser alltid bøyingsformene:
sommarhus - sommarhuset -
sommarhus - sommarhusa.

Kjelder

Ordrik er sett saman av informasjon frå ulike kjelder etter løyve. Kjeldene er:

  • Elektronisk utgåve av Nynorskordboka, Bokmålsordboka og Norsk ordbank, utarbeidd ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.
  • Tospråkleg ordliste bokmål til nynorsk, utvikla av Nynodata AS.
  • Tilleggsordliste for nynorsk, utvikla av Nynodata AS.
  • Bøyingssystem for bokmål og nynorsk, utvikla av Nynodata AS.
  • Nynorsk synonymordliste (1993) frå Dag og Tid og Åsmund Forfang.

Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkjeverktøy for bokmål og nynorsk. Gjennom mange års forsking og utvikling har vi jobba fram verktøy og språkressursar som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.