Frå bokmål til nynorsk
- med Nyno!

Nyno® skriv om tekst frå bokmål til nynorsk og gir hjelp til å bruke eit konsekvent språk.

Med Nyno kan du få gjort dette og mykje meir:
  • Omsette bokmål til nynorsk.
  • Endre ordstilling når det er behov for det.
  • Velje malar for radikal, moderat eller konservativ nynorsk.
  • Tilpasse språket geografisk etter landsdel.
  • Velje alternative nynorskord for fleirtydige bokmålsord.
Illustrasjon

Sentrale bruksområde

Næringsliv

I marknadsføring er det viktig å legge grunnlag for vidare kontakt. Språket er ein del den personlege identiteten. Gjennom språket identifiserer du deg med kunden og skaper tillit. Store delar av distrikta i Noreg har dialektar som ligg nær opp til nynorsk. 

Nyno kan gjere deg og ditt kontor i stand til å møte kundar og kontaktar på den målforma dei ønskjer og har krav på.  Nyno reduserer kostnader og kvalitetssikrar språket på ein ny måte. Du sparer tid, og du kan vinne nye kundar.

Nynorsk i offentleg forvaltning

Uløyseleg problem eller spennande utfordring?

Mange offentlege kontor vil gjerne bruke meir nynorsk og oppfylle kravet i mållova. Dei gjer det likevel ikkje fordi det er enklare og billigare å bruke bokmål. Billigare, fordi det tek tid å omsete ein tekst, og enklare, fordi mange kjenner seg utrygge når dei skriv nynorsk. Nyno reduserer kostnader og kvalitetssikrar språket på ein ny måte. Nyno kan gjere deg og ditt kontor i stand til å oppfylle mållova og møte folk på den målforma dei ønskjer og har krav på. 

Ei undersøking utført på oppdrag frå Språkrådet viser ei tidsinnsparing på nær 70 % ved bruk av Nyno, samanlikna med manuell omsetting.

Media og forlag

Lokale media

Møt folk på deira eige språk! Store delar av distrikta i Noreg har dialektar som ligg nær opp til nynorsk. Media som arbeider i desse landsdelane har eit spesielt ansvar for å bruke eit språk som folk kan identifisere seg med. Språket er ein del av personen sin identitet. Skal media "treffe folk heime", må dei også ta omsyn til språket. 

Med Nyno kan du tilpasse språket etter landsdelar, gjennom bruk av geografisk tilpassa språkmalar.

Nynorske læremiddel

Nyno - ein rask og effektiv veg til nynorskutgåver!

Parallellutgåver på bokmål og nynorsk har vore ein stor utgiftspost for forlaga, særleg for bøker som har lite salspotensiale.

Med Nyno kan omsetting av lærebøker bli mykje enklare og billigare. Nyno gir monaleg tidsinnsparing. Forlaget kan dessutan definere sin eigen språkmal som dei ber omsettarane bruke, og gjennom det sikre ein konsekvent formbruk i lærebøkene.

Utdanning

Nyno studentversjon er laga for studentar ved høgskule eller universitet og for elevar i vidaregåande skule. Programmet kan vere eit hjelpemiddel til å lære nynorsk.

Du som skal lære nynorsk får gjennom Nyno eit supplement til den undervisninga du alt har. Dette er ein ny måte å lære på. Programmet tek utgangspunkt i eit språk du kjenner, nemleg bokmål, og gir deg eit forslag til nynorsk omsetting. Av og til må du ta stilling til alternative forslag eller prøve å finne andre formuleringar. Men då har du alt ei heil setning å ta utgangspunkt i, noko som gjer det lettare å endre på detaljane. Ofte kan du godkjenne forslaget med ein gong og gå vidare. Det er også mykje hjelp å hente undervegs.

Vi meiner ikkje at du no kan hoppe over den vanlege undervisninga i nynorsk. Men vi trur at denne måten å arbeide på gjer det lettare og meir moro å lære nynorsk.

Merk! Nyno er eit omsettingsprogram. Sjå spesielle reglar for bruk til eksamen.

Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkeverktøy for nynorsk og bokmål. Etter mange års forsking og utvikling kan vi levere programvare som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.