Privatkjøp

Som privatkunde kan du kjøpe programma Nyno og Ordrik gjennom nettbutikken. Der får du nødvendig lisens- og nedlastingsinformasjon og betaler kontant med kort. Du må ha tilgang til Internett når du installerer, slik at programmet kan bli aktivert og klargjort for bruk. Men du treng ikkje vere kopla til nettet når du bruker programma. Merk at for Nyno (ikkje Ordrik) gjeld det spesielle reglar for bruk til eksamen.

Som privatkunde har du angrerett utan vilkår i 14 dagar når du kjøper programvare frå Nynodata. Merk at når du installerer og aktiverer programmet, misser du angreretten.

Besøk vår nettbutikk her

Firmakjøp

Programma Nyno og Ordrik kan du bestille gjennom nettbutikk eller gjennom direkte kontakt med Nynodata. Norsøk krev tettare oppfølging i salsprosessen, og her må du ta kontakt med Nynodata eller underleverandør for tilbod.

Einbrukarversjon

Du kjem raskast i gang ved å gå til nettbutikken Esellerate og kjøpe abonnement. Der får du nødvendig lisens- og nedlastingsinformasjon og betaler kontant med kort. 

Ønskjer du i staden å inngå rabattavtalar eller få tilsendt faktura, kontakt Nynodata.

Illustrasjon

Nettverksversjon

Vi tilrår at du tek kontakt med Nynodata for å drøfte behov og løysingar. Gå inn på det produktet du er interessert i og vurder dei ulike variantane vi tilbyr. Vi sender deg gjerne eit spesifisert tilbod med pris.

Skulepakke

Vidaregåande skular og ungdomsskular kan abonnere på skulepakke av Ordrik til ein svært låg pris.
Les meir om skulepakken

Meir om firmakjøp

Bestille Nyno

Kontakt Nynodata for å drøfte behov og få tilbod på løysingar. Dei fleste kundar vil ha fleirårige abonnementsavtalar med tidsrabatt og kvantumsrabatt. Men det er også mogleg å betale ein noko større eingongssum og inngå obligatorisk vedlikehaldsavtale.

Når du bestiller abonnement av Nyno, får du ein tidsavgrensa bruksrett til programmet. Avtaleperiodar frå 1 til 3 år. Når avtaleperioden er over, kan abonnementet fornyast for ein ny periode, eller bruksretten fell bort. Abonnementet inkluderer oppgraderingar i avtaleperioden og hjelp til installasjon og programbruk etter nærare fastsette reglar.

Lisens per brukar

Nyno blir installert i nettverket med ein teljar som registrerer brukarar av programmet. Lisensen er knytt til brukaren og ikkje til maskina. Kvar tilsett som tek programmet i bruk, utløyser 1 lisens.

Totalbrukslisens

Større organisasjonar vil ofte tene på å inngå totalbruksavtale (sitelisens), framfor å få lisens til utvalde personar. Ein slik avtale gir ei fleksibel løysing og lågare driftskostnader. Alle tilsette får tilgang til å bruke Nyno anten dei treng det mykje eller lite. Framfor alt sparer ein arbeidet med å kartlegge kven som har bruk for programmet og å gi nye brukarar tilgang.

I totalbruksavtalen reknar vi ut lisenstalet frå eit estimert samla bruksbehov i organisasjonen. Utgangspunktet for utrekninga er regelen om 25 % nynorsk i mållova:

Lisenstal = Samla tal på tilsette multiplisert med 25 %.

Det blir gitt normal kvantumsrabatt på lisenstalet. For tilsette over 500 blir det lågare bruksprosent, slik at ein kjem endå betre ut. Minste lisenstal for totalbruksavtale er 20 lisensar.

Bestille Ordrik

Du kan bestille Ordrik som årleg abonnement direkte frå Nynodata eller frå nettbutikk .

Abonnementet gir deg ein tidsavgrensa bruksrett til programmet. Avtaleperiodar frå 1 til 3 år. Når avtaleperioden er over, kan abonnementet fornyast for ein ny periode, eller bruksretten fell bort. Abonnementet inkluderer oppgraderingar i avtaleperioden og hjelp til installasjon og programbruk etter nærare fastsette reglar.

Bestille Norsøk

Du kan be om å få levert Norsøk hos din leverandør av CMS-system, arkivsystem eller publiseringstenester. Ta direkte kontakt med Nynodata dersom din leverandør ikkje kan levere produktet.

Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkeverktøy for nynorsk og bokmål. Etter mange års forsking og utvikling kan vi levere programvare som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.