Hjelp til installasjon og bruk

Her får du hjelp til installasjon og bruk av dei ulike produkta og svar på ulike spørsmål.

Du kan også sende ein e-post til support@nynodata.no og be om meir hjelp.

Nedlasting

Bruk lenkene under til å laste ned siste versjon av Nyno® eller Ordrik®. I tillegg til programpakkane treng du gyldig lisens. Dersom du manglar dette, kan du kjøpe på nettbutikken eller kontakte Nynodata på salg@nynodata.no.

Last ned NynoLast ned Ordrik

Nyno og Ordrik kan installerast som einbrukar eller nettverk, Norsøk som teneste.
Detaljert informasjon

Installasjon Nyno

Nyno 3 krev Windows XP eller høgare. Det kan installerast på frittståande PC-ar eller på PC-ar i nettverk. Programmet blir lisensiert med éin lisens per brukar. Programfilene er felles for einbrukar og nettverk, men installasjonsprosedyrane er ulike. Du finn rettleiing på nedlastingsida for Nyno.

Installasjon av Norsøk

Norsøk blir installert som web-teneste og knytt opp mot eksisterande søkemotor. 

Ein installasjon inneber:
1. Installasjon av webserver og programfiler for Norsøk. 
Merk! Dette punktet er ikkje nødvendig når ein har avtale om bruk av Nynodatas server.
2. Integrering mot søkemotoren.
3. Konfigurering.

Fleire detaljar.

Installasjon av Ordrik 2

Ordrik 2x kan brukast på Windows XP eller høgare, Mac OS 10.7.5 eller høgare og nokre Linux-versjonar. Du treng berre å laste ned ei felles fil for alle ordbøkene. Tilgangen til bøkene blir styrt gjennom lisensnøkkelen. 

Det er eigen installasjonsprosedyre for nettverksversjonen. Fleire detaljar i pakken som du lastar ned.

Både Nyno og Ordrik er enkle i bruk.

Ordrik er eit frittståande program som blir brukt uavhengig av andre program. Er tilgjengeleg både for Windows, Mac og Linux. Gode brukartips finn du i programmet under Hjelp|Kom raskt i gang. Du finn også innføringsfilmar på YouTube når du søker etter Ordrik.

Nyno kan brukast som eit sjølvstendig program eller vere kopla til Word. Du finn ein kort introduksjon av dei viktigaste funksjonane under Hjelp|Lær Nyno i programmet og på fila Lesmeg.rtf.

Sjå elles sentrale brukartips om språkmalar og ordlisteredigering.

Dersom du ikkje finn svar på spørsmålet ditt under dei ulike produkta, send ein e-post til support@nynodata.no.
Nye spørsmål som er allment aktuelle, blir anonymisert og publisert på nettsidene våre.

Meir informasjon

Einbrukarversjonar av programvare frå Nynodata må aktiverast over Internett før bruk.
Merk! Når du aktiverer progammet, misser du angreretten din som forbrukar. (Sjå Angre kjøp)

Automatisk aktivering

Dersom du er kopla til nettet når du installerer, blir programmet aktivert automatisk. Merk at det kan gå nokre minutt frå du gjennomfører kjøpet til lisensserveren blir oppdatert. Får du feilmelding, vent litt og prøv igjen.

Manuell aktivering

Dersom nettkoplinga di ikkje fungerer når du installerer, kan du for Nyno velje manuell aktivering. Du får opp ein kode på skjermen som du kan ta med til ei maskin med nettilgang. Gå inn på adressa http://activate.esellerate.net og legg koden inn i det feltet som kjem opp. Du får då tilbake ein kode som du kan legge inn i Nyno.

Merk! Manuell aktivering er ikkje tilgjengeleg for Ordrik.

Som privatperson har du angrerett utan vilkår i 14 dagar når du kjøper programvare over Internett. Merk at etter Angrerettlova §12 fell denne retten bort for dataprogram når ein har brote forseglinga på programmet.

Alle program frå Nynodata krev gyldig lisens og må aktiverast over Internett før du kan bruke det. Aktiveringa låser opp programmet for normal bruk og gjeld som vår forsegling etter lova. Så lenge du ikkje har aktivert programmet, kan du derfor innan 14 dagar frå kjøpstidspunktet angre kjøpet og be om å få pengane tilbake. Til dette bruker du eit særskilt skjema som er fastsett av styresmaktene. Fyll ut skjemaet og returner det som vedlegg i ein e-post til salg@nynodata.no eller med vanleg post til vår kontaktadresse.


Last ned skjema for angrerett
Skjema i Word-format for utfylling på skjerm
Skjema som PDF-fil for utskrift

Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkeverktøy for nynorsk og bokmål. Etter mange års forsking og utvikling kan vi levere programvare som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.