Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkjeverktøy for bokmål og nynorsk. Gjennom mange års forsking og utvikling har vi jobba fram verktøy og språkressursar som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.
Det norske språklandskapet er svært samansett. I tillegg til to offisielle målformer, bokmål og nynorsk, finst det ei mengd variantar innan kvar av dei. Dette stiller store krav både til skriveverktøy og verktøy for søk. Vår lokalisering i hjartet av Telemark, midt i skjeringslinja mellom bokmål og nynorsk, gir oss ein særleg god bakgrunn til å løyse tverrspråklege utfordringar.
Frå bokmål til nynorsk - med Nyno!

Nyno er eit program for omsetting frå bokmål til nynorsk. Programmet effektiviserer arbeidet med å skrive om tekstar og gir hjelp til ein konsekvent formbruk.
Finn ut meirNorsk temasøk
Sjå ulike eksempel på bruk av Norsk temasøk. Her finn du ulike måtar å bruke språkressursane på og ulike konfigureringar.
Ordrik - elektroniske ordbøker for betre nynorsk
Ordrik® gir deg omfattande informasjon på ein ny og brukarvennleg måte. Du kan slå opp i tre ulike bøker, Ordrik - bokmål til nynorsk, Ordrik - nynorsk, Ordrik - nynorske synonym.
Finn ut meirNy rettskriving for nynorsk!
Ordrik 2.1 er klar med ny nynorsk rettskriving! Her får du tilgang til tre nye ordbøker: nynorsk ordbok, bokmål til nynorsk ordbok og nynorsk synonymordbok. Du kan kjøpe dei enkeltvis eller som pakke. Meir informasjon.
Ordrik 2 kan brukast på Windows, Mac og Linux.
Aktuelt
Vi har flytta
12.09.2011Vi har flytta til nye kontorlokale og fått nytt telefonnummer, +47 - 35 95 01 50.
Høyringsuttale ny nynorsk rettskriving
09.03.2011Nynodata har levert inn ein kommentar til forslaget om ny nynorsk rettskriving ut frå eit digitalt perspektiv. Du kan lese kommentaren her eller på høyringssidene til Språkrådet.
